Hopp til hovedinnhold

Julemarknader

Jula nærmar seg med stormskritt, og det begynnar å nærma seg opning av dei tradisjonelle julemarknadene. Endeleg skal lysa tennast i grana og lukta av bålpanna og gløggen bre om seg. Julemarknaden er plassen for å samlast, prøve spanande mat, kjøpe årets julegåve og kjenne på den lune julestemninga. I Sunnhordland finn du store og små julemarknader gjennom heile førjulstida.

Moster Amfi
Moster Amfi |© Moster Amfi

Julemarknader

Lukta av gløgg, lyden av julemusikk – og gåver du faktisk har lyst å gi. Julemarknadene ventar!

Del eit familiejulebord

.

Førjulsstemning med juleforestillingar

Få familien i julestemning med ei magisk førjulsforestilling i Sunnhordland! På Bømlo kan du oppleve Jul på Kutoppen. For ei meir klassisk juleoppleving, kan du få med deg Grand Kyiv Ballett: Snødronningen på Stord Kulturhus, og Snøfall på Bekkjarvik. Her fins det juleforestillinger for kvar og ein. Det gjeld å sikre førjulsstemninga før billettane blir utseld.

Julekonsertar i Sunnhordland

Følg med i kalenderen vår for fleire julekonsertar.

Bømlo Teater - Peter Tubaas
Bømlo Teater - Peter Tubaas

Juleforestillinger i Sunnhordland

.

Få med deg magien i julekonsertane

Ein julekonsert er den perfekte måten å kome i høgtidsstemning på. La julestemninga kome gjennom musikken! I Sunnhordland står julekonsertane i kø – med alt frå kor og klassisk til humor. Finn din favoritt. Ta med nokon du er glad i, og nyt ein kveld full av song, latter og flott musikk.

Juleaktivitetar for heile familien

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnhordland.

Juleaktivitetar for heile familien

I førjulstida kan du finne fleire kjekke aktivitetar for heile familien i Sunnhordland. På Sunnhordlandstunet kan de bli med på "Jul på Museet" der det vil vera ulike aktivitetar for barn og vaksne, som å lage sin eigen julepynt eller julegåver.

Smaken av jul i Sunnhordland

Eit godt julemåltid høyrer førjulstida til og i Sunnhordland finn du det langs både fjord og kyst. Her kan du nyte tradisjonelle smakar i stemningsfulle omgjevnader, frå historiske gardar til julepynta hotell og restaurantar. Perfekt for ein roleg julelunsj eller eit samlande familiebord, med lukta av jul og lyset frå stearinlys som ramme.

Samlast rundt eit julemåltid

Ingenting samlar familie og vener som eit godt julemåltid. Eit slikt måltid samlar oss saman og gjev rom for å dele minner og kjenne på høgtidsstemninga som kjem snikandes innpå. I november og desember tilbyr fleire av våre aktører familiejulebord og julemenyer, der alle er velkomne.

Unik overnatting til jul

Vil du ha ei overnatting borte frå julestria, eller skal du gi ei gåve til den som har alt? Då kan me anbefale ei unik overnatting i Sunnhordland. Ta ein tur heilt ut til havgapet og opplev vinterveret tett på i ei av "Stormhyttene" på Bømlo, eller ta vennegjengen eller familien med på fjelltur og overnatt i "Himmelhyttene" på Stord.

Stormhyttene på Bømlo i solnedgang, vinter.
© Gullvegen Gardstun

Gode tips til andre opplevingar i Sunnhordland