Hopp til hovedinnhold

Kulleseidkanalen - ei lun hamn

I Kulleseidkanalen kan du vakna opp i rolege omgjevnader, berre nokre minutt frå storhavet. Her ventar variert natur og eit mangfald av turopplevingar – anten du vil utforska skjergarden i kajakk, ta ein sykkeltur, gå til fots eller nyta båtlivet.

Kvar sundag er det buffet frå kl. 13.00 til 17.00. Her finn du eit breitt utval rettar som passar både store og små. For deg som vil bli over natta, finst det 17 koselege hotellhytter – for to personar, med høve til fire i nokre av dei.

«Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede»

I Sunnhordland kan du velja mellom fleire unike turopplevingar – kvar med sin eigen sjarm.

Start med ein tur til ei av dei åtte dagsturhyttene i regionen. Hyttene ligg lett tilgjengeleg i både fjell og skog, og gjev ei lågterskel oppleving året rundt. For den som ønskjer å ta turen høgare opp, ventar Stovegolvet på 703 moh. Ein flott fjelltur som gjev deg panoramautsikt over fjord, øyar og fjell.

Finn fleire ulike turmål i éin region. I Sunnhordland finn du både fjell, kyst og fjord i all slags vêr.

Hytte i fjellandskap, solen går ned i horisonten, gult og oransje på himmelen.
Dagsturhytta i Etne |© Etne kommune

Kort reiseveg – den lokale smaken


Utforsk dei lokale smakane som ein av aktivitetane i haustferien! Her finn du flotte restauranter som serverer fersk sjømat ved kysten til lokale råvarer frå gardane. Uansett kvar ferda går, ventar gode matopplevingar for store og små.

Bord dekket med kurterer for to, skinke, ost, juice, kaffe.
© Tom Haga

Urt & Ugras
Urt & Ugras er ein kafé i sentrum av Leirvik, der gode sesongvarer, lokalmat og lun stemning er i fokus. Menyen består av heimelaga rettar – alt frå klassikarar med ny vri til grøne alternativ og søte freistingar.

Bekkjarvik Gjestgiveri
Hos familien Johannessen blir gjestfridom og matglede tekne på alvor. Brørne Ørjan og Arnt serverer rettar laga av lokale råvarer – alt frå enkel kvardagsglede til gourmet i toppsjiktet. Perfekt for ein kveldsstund for ein, to eller heile familien.

Ryvarden Kulturfyr kafé
Fyret i Sveio er eit populært turmål. Frå parkeringa brukar du rundt 30 minutt å gå. Etter turen kan du ta turen innom galleriet, butikken eller setje deg ned i kaféen for ein pause.

Folgefonnsenteret i Rosendal

Folgefonnsenteret i Rosendal er inngangsporten til både fjord og bre. Her kan du utforske spanande, interaktive utstillingar om naturen på Folgefonnhalvøya. Frå mektige isbrear og livet i Hardangerfjorden, til vatnet si verdsreise og klimaet som formar kvardagen vår. Senteret gir deg innblikk i korleis folk har levd med og nytta ressursane frå fjord og fjell i tusenvis av år, og viser veg til opplevingar i Folgefonna nasjonalpark.

Perfekt aktivitet for vaksne og born!

Folgefonnsenteret
Folgefonnsenteret i Rosendal |© Visit Hardangerfjord

Myrvold Gard eit gardsbesøk for heile familien

Myrvold Gard på Huglo er alle velkomne – eit levande møtepunkt der dyr, lokalmat og natur går hand i hand. Her ventar 47 dyreartar og ca 200 dyr til saman, ein koseleg kafé med nybakte bollar, ein gardsbutikk med lokale varer og glamping for dei som vil bli ein ekstra dag.

Besøk ein symjehall


Om vêret ikkje spelar på lag, kan heile familien kose seg i ein symjehallane til regionen. Ta med familien på ein dukkert i Bømlo symjehall, symjehallen på Stord kulturhus, eller Austevollbadet. For dei vaksne som ønskjer litt ekstra avslapping, ventar Vikjo Bad på Stord Hotell med ei herleg velværeavdeling.

Her blir det bademoro uansett vêr!

Vill overnatting


Vakne til lyden av bølgjer, fuglesong eller suset frå skogen. Sunnhordland gjev unike overnattingsmoglegheiter tett på vill natur. Her får du ikkje berre ei seng for natta, men ei oppleving for sansane. Anten du vil kjenna vêret på kroppen ved havet, sveve mellom trea i skogen, sove med utsikt til fjord og fjell – eller berre finne roen i eit fyr langt ute i havgapet.

© Visit Sunnhordland v/ Henriette Lien

Moster Amfi

På Moster Amfi & kykjehistorisk senter får historia liv - også for dei yngste. I haustferien kan familien saman gå på oppdagingsferd og læra korleis livet var då kritstenretten vart innført i Norge - gjennom leik, symbol, gamle gjenstandar og fjorteljingar. I amfiet kan dei yngste springa frå seg, og etterpå ventar kaféen med noko varmt i koppen og søte overraskingar. Følg med på opningstider på facebook eller nettsted. Ein dag på Moster Amfi blir både leik og læring – akkurat slik haustferien skal vera!

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har ope tirsdag, onsdag, torsdag og fredag (07.10.-10.10) frå klokka 11:00-14:30 i haustferieveka.

Barn som ser på del av utstilling i utstillingslokale av stein.
© Moster Amfi

Kanskje golf er noko for deg?

For deg som ønskjer eit alternativ til tradisjonell golf, eller berre ein ny hobby, finst det spanande tilbod som kanskje får deg til å bli bitt av basillen.

Golf-simulator - det perfekte alternativ for å trena golf, spesielt når vêret set grenser og vinteren set uteanlegget på pause. Med hardare vêr i vente kan sesongen bli kort, og då er golf-simulatoren eit godt alternativ.