Hopp til hovedinnhold

Smakfulle matopplevingar i Sunnhordland

Bli med på ei kulinarisk reise gjennom sjømatparadiset Sunnhordland – ein av dei fremste sjømatregionane på Vestlandet. Her ventar fersk sjømat og lokale råvarer, servert i historiske omgjevnader som løftar smaksopplevinga. Enten du vil nyta ein sjømatmeny med utsikt mot fjorden, eller oppleva tradisjonelle rettar frå havet, finn du ekte vestnorsk matkultur her. Serveringsstadane satsar på kortreiste ingrediensar og unike spesialitetar som speglar identiteten til regionen.

Mirabelle by Ørjan Johannessen – smak av øyriket

På toppen av boutiquehotellet Beckerwyc House i Bekkjarvik ligg Mirabelle – ei kulinarisk oppleving skapt av Bocuse d'Or-vinnar Ørjan Johannessen. Her får du smakar frå øyriket servert som små kunstverk, inspirert av landskapet, havet og menneska rundt. Med open kjøkkenløysing og nærleik til kokkane, blir måltidet like mykje ei forteljing som ei smaksreise. Mirabelle er staden der lokale råvarer møter verdsklasse teknikk – og der kveldane kan gi deg ein ny måte å oppleve Vestlandet på.

Kokkar i verdsklasse lagar mat på kjøkenet til Bekkjarvik Gjestgiveri
© Ida Skeie & Visual Boost

Unik matoppleving på Bekkjarvik Gjestgiveri – gourmetrestaurant i historiske omgjevnader

Bekkjarvik Gjestgiveri, med røter tilbake til 1600-talet, er eit historisk overnattings- og spisested på Vestlandet. På kjøkkenet finn du verdsmeister i kokkekunst Ørjan Johannessen (gull i Bocuse d'Or 2015) og Årets kjøkkensjef 2014, Arnt Johannessen. Her får du servert matopplevingar i verdsklasse – med respekt for både sesong, tradisjon og råvarer frå nærområdet.

Med havet, fjellet og skogen som næraste nabo, tilbyr gjestgiveriet smakar frå naturen: fersk fisk, skjell, skalldyr, villsau og hjort. Kombinasjonen av prisvinnande kokkar, kortreiste råvarer og eit gjestgiveri med over 400 års historie gjer dette til ein kulinarisk destinasjon du ikkje vil gå glipp av.

© Haaheim Gaard

Smak av historie og lokalmat på Haaheim Gaard og E H Våge på Tysnes

På Tysnes, 170 meter over havet, ligg Haaheim Gaard – ein stad for deg som søkjer unike matopplevingar og nærkontakt med historia. Gardsdrifta og kjøkenet blir leia av Torstein Hatlevik, som ønskjer å skape minne for livet – noko som speglar seg i alt frå frukost til middag. Her får du servert lokale, smakfulle rettar, og ved spesielle høve arrangerer dei det populære gjestebodet Chefs Dinner, med lokalmat, humor og eldsjelar frå heile regionen.

Får du lyst på noko søtt, kan du besøkje E H Våge – ein historisk handelstad ved sjøen, grunnlagt i 1887. Her produserer Torstein sin eigen konfektsjokolade, og du finn eit utval av lokalproduserte gardsprodukt. Staden er open i helgene i høgsesong og etter avtale elles i året.

Kombinasjonen av kortreiste råvarer, lokalhistorie og personleg vertskap gjer både Haaheim Gaard og E H Våge til ein del av dei mest særeigne opplevingane på Tysnes.

Uteservering sjømat Mandelhuset
Mandelhuset|© Camilla Korsnes

Mandelhuset Restaurant – matoppleving ved sjøen på Tysnes

På den gamle dampskipskaien i Våge ligg Mandelhuset, ein restaurant som serverer ekte smakar frå Vestlandet – heilt nede ved sjøkanten. Her tek dei seg tid til å lage mat frå botnen av, utan snarvegar. Råvarene kjem frå nærområdet: fisken blir levert av lokale fiskarar rett på kaien, potetene kjem frå garden like ved, og storfeet som blir brukt i rettane er òg frå nærsamfunnet.

Mandelhuset er kjent for sin lokale sjømat, kortreiste råvarer og personlege stemning, og er eit naturleg stopp for deg som vil oppleve vestnorsk matkultur på sitt beste.

Café, Brasserie og Bar 59°

Her kan du nyte kulinariske rettar – alt frå ein deilig matbit og smårettar til a la carte. Staden passar flott for koselege treff. Den avslappa og gode atmosfæren i lokala som har sør-amerikansk stil harmonerer godt med kortreist mat der kvalitet er i høgsetet.

Livemusikk er også noko du kan oppleve her. Gjerne saman med afternoon tea ein laurdag. Følg med på Facebook-sida til Stord hotell, så ser du kva tid neste arrangement er!

PS Bryggekafè gir deg langsam mat


Heilt på bryggekanten, innerst i Port Steingard på Kråko i Fitjar, er det vertskapet Edith og Tor Henrik som syt for at du vil kome tilbake. For her får du fantastiske smakar i omgjevnader som gjer at du seinkar skuldrene. I tillegg til lokalmat, står det ofte kulturopplevingar i form av konsertar eller andre arrangement på programmet. Men den gode samtalen er i fokus, så dersom her er bakgrunnsmusikk, kan du vere trygg på at den er akkurat slik at den er med og dannar ei god ramme.

Utover desse stadene, byr Sunnhordland på enno fleire kulinariske og autentiske opplevingar. Ta ein kikk på denne sida med tips til gode måltid i Sunnhordland – vel bekomme!