Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Lygnstøylvatnet: Sunnmøres «Atlantis»

Vår, sommar, haust
Sist oppdatert: 21.05.2025
Lygnstøylvatnet, en innsjø i Norangsdalen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.
© Oddgeir Visnes
© Oddgeir Visnes

For 115 år sidan vart setra som låg her overflødd etter eit steinras. Under overflata ser du grunnmurane til husa, tre langs setervegen og ei intakt bru som framleis står på botnen av vatnet. No kan du ta eit djupdykk i denne spesielle historia.

Sjå over hundre år tilbake i tid

I fantastiske Norangsdalen, eit par timars køyring frå Ålesund eller Geiranger, kan du stoppe ved Lygnstøylvatnet og få ei oppleving du seint vil gløyma. På 1800-talet var dalen og området som vatnet ligg i leikegrind for kongelege, keisarar, kulturelite og anna fintfolk. Plutseleg ein dag gjekk det eit steinras frå fjellet Keipen som demde opp elva og overflødde heile setra.

Men heilt borte er ho ikkje. Når vatnet er roleg, kan du sjå restane av hustuftene under vassflata frå land. Og med kajakk og undervasskikkert får du eit unikt innblikk i ei over hundre år gamal historie.

Ei heilt spesiell oppleving

Helge Kvam Karbø frå 62°NORD er guide og fortel om vatnet si unike historie.

– Før var det ei elv, ein veg og nokre seterstølar, men så kom det eit steinras fra fjellet Keipen som demde opp elva og overflødde husa og vegen, fortel Karbø.

Retter ein blikket mot botnen av vatnet har tida stått stille og bevart spor etter livet som blei levd her.

– Du kan sjå murar frå gamle hus og vegen med bruer som framleis er intakte under vatn, seier guiden.

Kajakktur på Lygnstøylvatnet
Kajakktur på Lygnstøylvatnet | © Oddgeir Visnes

Under vatn

Øyvind Yttervik og kjærasten Irmelin Melheim har teke turen til Norangsdalen for å oppleve vatnet. Med kajakk og undervasskikkert får dei sjå den gamle stølen på nært hald samtidig som guiden deler historia til staden.

"Du får ei djupare forståing av kva som eigentleg hende."

Øyvind Yttervik

Korleis finn du fram

Frå Sæbø på andre sida av Hjørundfjorden, går det ferje til Leknes. Følg vegen forbi Urke og Øye til du kjem til Lygnstøylvatnet på fylkesveg 655. Her kan du fortsette til Hellesylt og vidare med ferje til Geiranger, eller du kan dra mot Stranda eller Stryn via Hornindal.

Lygnstøylvatnet ved Norangsdalen

Lygnstøylvatnet

Lygnstøylvatnet ligg i Norangsdalen, eit dalføre rikt på både natur-og kulturopplevingar.

Mykje å by på

Berre 10 minutt med bil frå Norangsdalen ligg Hjørundfjorden. Ein av dei flottaste fjordane i landet. Her finn du blant anna ærverdige Hotel Union Øye, med ei rik historie og imponerande utsjåande. Dette området er omringa av spektakulære fjell, som blant anna 1564 meter høge Slogen. Hit kom ein gong engelske adelsmenn med eventyrlyst og klatrelyst. Fekk ikkje du også lyst?

Magiske Hotel Union Øye
Magiske Hotel Union Øye | © Johanne Nyborg / Hotel Union Øye

Aktivitetar i nærleiken

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Hjørundfjordcruise fra Ålesund

Hjørundfjordcruise fra Ålesund

Opplev Hjørundfjorden, Sunnmørsalpene og de små bygdene langs fjorden med denne rundturen fra Ålesund til Trandal, Sæbø og Øye, kalt Hjørundfjordruta.

Guidet kajakktur på Hjørundfjorden - 3 timer

Guidet kajakktur på Hjørundfjorden - 3 timer

En guidet kajakktur med Norway Adventures i den mektige og storslåtte naturen og kulturlandskapet i Hjørundfjorden.

Fjellturar i området

Fjelltur på Saksa

Guidet tur til Saksa med Uteguiden

Fjellet Saksa ved Urke i Sunnmørsalpene ligger der Hjørundfjorden deler seg, og har fjord på tre sider. Herfra ser du helt inn til enden av Hjørundfjorden, inn Norangsfjorden til Øye og utover mot Ålesund.

Slogen

Topptur til Slogen (1564 moh.)

Midt i Sunnmørsalpene ligger den imponerende fjelltoppen Slogen. Til tross for sitt spisse og bratte utseende er toppen gjennomførbar å bestige. Fra toppen har du et fantastisk skue til tindene rundt og de irrgrønne dalene dypt nede ved Hjørundfjorden.

Plassar å overnatte

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Union Øye

Union Øye

Det fortryllende hotellet ved fjorden.

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Det lille koselige hotellet på Sæbø ved Hjørundfjorden. For store opplevelser midt i de mektige Sunnmørsalpane.

Hjørundfjord Camping

Hjørundfjord Camping

Hjørundfjord Camping ligg idyllisk til ved den fiskerike Hjørundfjorden, omkransa av dei mektige Sunnmørsalpane.

visitalesund.no

Related articles

Hele Norges fjelldorado

Hele Norges fjelldorado

Møre og Romsdal er kjent for sine fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn, Innerdalstårnet og populære Romsdalseggen. Samtidig byr regionen på massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster.

Molladalen - Noregs Patagonia

Molladalen - Noregs Patagonia

På Sunnmøre i Møre og Romsdal finn du Molladalen, eit helt spesielt fjellområde.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement