Runde Panorama er lokalisert på den spektakulære fugleøya Runde som ligg i Herøy, Møre og Romsdal. Runde Panorama består av 9 luksuriøse hytter, bygd etter idéskisser frå Sporstøl Arkitekter. Dei breie stiane til hyttene er nøye plassert for å unngå for stort fotavtrykk i naturen.. Ein vil ha muligheit til å kjøre ut til hyttene for å sette av bagasjen sin ved hyttene, men har ein eigen tilvist stor parkeringsplass da vegen til hyttene ikkje skal være trafikkert.

Hyttene er strategisk plassert i terrenget for å ivareta gjestane sitt privatliv og har lite direkte innsyn til kvarandre. På terrassa kan ein nyte eit vinglass i solnedgangen etter en dag med opplevingar knytt til naturen, eller rett å slett i dei lokalproduserte møblane frå Ekornes i Sykkylven.

Midt mellom Runde Miljøsenter og Goksøyr Camping finnes dette nye tilbodet som skal bidra til unike opplevingar i samarbeid med andre aktørar på øya. Christineborg Gjestehus ligg «vegg i vegg» med Runde Panorama, og vil i framtida være lokalet ein kan nyte sine matopplevingar og innhente informasjon om dagens aktivitetar. På Runde Miljøsenter finn ein mellom anna utstillinga av den verdens kjente Rundeskatten som stammar frå skipet «Akerendam» som forliste utanfor øya i året 1725. Alle hyttene har eigne namn knytt til ei eller fleire historier frå øya.

Hytte I : «Ocean Blue» ligg så nærme storhavet som ein kan komme,

Hytte II : «Batavia Dream» er hytta som har sitt fotfeste frå historia til «Akerendam», og peikar i retninga til forliset ved Kvalneset.

Hytte III : «Highlight View», ligg skapelig til med ei fantastisk utsikt over Langeneset fyr, Flø og Harøya

Hytte IV : «Ørneredet» ligg i gå avstand til Langeneset fyr, der havørna har ein av sine utkikkspostar

Hytte V : «Castillio Negro» stammar frå sagnet om “den uovervinnelige borg” frå den Spanske armada.

Hytte VI : «Eden» namnet kjem frå fuglearten Ærfugl. (Somateria Mollisima)

Hytte VII : «Østen Pilot» har ei dobbel betydning, som er knytta både til loshistoria på Runde, og retninga Akerendam segla før den forliste ved Kvalneset.

Hytte VIII : «Trollvogga» er namnet på hytta som stammar frå den verdenskjente steinformasjonen lokalisert i sørenden av Rundefjellet.

Hytte IX : «Pulcinella» (Pulcinella Di Mare) og betyr lundefugl på Italiensk.

På øya finnes fleire aktivitetar og opplevingar som kan freiste for å få det unike opphaldet. Selskapa Rundø, Havopplevelser og Aquilla tilbyr guida båt-turar rundt øya, Runde Miljøsenter tilbyr Lundesafari og fleire andre aktivitetar. Christineborg Gjesthus vil utover sesongen tilby matopplevingar, samt at her vil være muligheit for å få kjøpt seg en frukost. Ei øy med aukande muligheiter for opplevingar. Runde Panorama og Christineborg Gjesthus vil hand i hand utvikle seg i dei kommande åra for å tilby gjestane sine opplevingar. Det ryktast i også at personalet kursar seg for å bli kjent med historiene i havet, og vil på sikt opprette eit tilbod for gjestar som vil utforske havbotnen.

Contact

Address:
  • Langneset 26
  • 6096 Sunnmøre
Phone:
+47 700 85 950
Email:
post@rundepanorama.no
Website:
www.rundepanorama.net/en

Facilities

Breakfast:
Parking:
WIFI/Internet:

Where is Runde Panorama?