Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Fitjar sentrum

Like ved sjøen på Fitjar er alt samla i eit levande og hyggjeleg sentrum der du finn kanskje meir enn du skulle tru!

Båter i gjesthavn, vei gjennom grønt landskap ved sjø
Fitjar sentrum|© Fitjar kommune

Ein heilt naturleg stoppestad når du kjem til Fitjar er butikken som ligg midt i sentrum, av dei lokale kalla «Larsen ved sjødn». Dette er opphavleg ein tradisjonsrik landhandel i fornya utgåve. Her er SPAR-butikk, multihandel, cafe, og du får mest tak i alt du treng. I tillegg til at det er eit veldig hyggjeleg og naturlig samlingspunkt i sentrum.

Like ved finn du gjestehamna Sjøsio Gjestehamn, med alle fascilitetar. Fitjar er svært populær blant båtturistar. Fitjar består av eit mylder av øyar og skjer med grunne sund og viker imellom. Fitjar sentrum med Sjøsio er ein naturleg stoppestad.

Fitjar Fjordhotell ligg i gåavstand til sentrumsgata. Overnatting, konferansefascilietar, søndagsbuffet, revytelt (sommar) og moglegheiter for å sjå sola gå ned i havet er noko av det som ventar deg her.

Fitjar turistinformasjon ligg midt i sentrum, saman med Engesund Visningssenter. Dei tilbyr både båttur, kunnskap og moro for heile familien – med utgangspunkt i sentrum og besøk på visningssenteret i Fitjarøyane.

Kultur og historie midt i sentrum
Midt i sentrum i Fitjar finn du både Fitjar kyrkje, rådhuset, Håkonarparken, galleri med utstillingar, og Fitjar kultur- og idrettsbygg. Bygget husar kinoen og er arena for både konsertar og andre arrangement. I sentrum er også startpunktet for kulturhistorisk løype, som er ein flott tur der du også kan fylle på med litt kunnskap om denne historiske staden.

Fitjar sentrum er også eit flott utgangspunkt for naturopplevingar og vandring i fjella – som ligg i nesten umiddelbar nærhet. I Midtfjellet vindpark er det kilometervis med turvegar, perfekt anten om du går, syklar, trillar, er rørslehemma – eller går på ski når det ligg snø. Herifrå kan du sjå både isbreen Folgefonna og (ved klart ver) sola gå ned i havet.

Aktivitetar på Fitjar

Med Fitjar som utgangspunkt er sjø, fjell og skog - og mange moglegheiter like i nærheten!

Larsen Handelsbygg

Larsen Handelsbygg

Larsen Handelsbygg ligg sentralt plassert midt i Fitjar sentrum.

Fitjar kulturhus

Fitjar kulturhus

I Fitjar kulturhus er det kultursal, kino, bibliotek, idrettshall, handballbane, treningssenter, seniorsenter, kulturskule, dansesal og øvingslokale for bla. korps og teater.

Midtfjellet vindpark

Midtfjellet vindpark

Eit eldorado for utandørsaktivitetar heile året, tilgjengeleg for alle. Midtfjellet Vindpark er med sine 55 vindmøller ein av dei største i sitt slag i Noreg.

Alle aktiviteter tilknyttet Fitjar sentrum

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Mat og overnatting i rundt Fitjar sentrum

Fitjar Fjordhotell

Fitjar Fjordhotell

Fitjar Fjordhotell har ein lun atmosfære og ligg sentralt i Fitjar sentrum med utsikt mot den vakre Fitjarvikjo som har mange idylliske holmar og skjer.

Sjøsio Gjestehamn, Fitjar

Sjøsio Gjestehamn, Fitjar

Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde. Gjestehamna, også kalla "sjøsio", ligg i Fitjar sentrum.

Alle overnattingssteder tilknyttet Fitjar sentrum

Kommende arrangementer

Kort veg til fleire gode opplevingar

Fitjar sentrum ligg ca 1,5 time reisetid frå Bergen.

Bergen

Bergen

Bergen er selve hjertet i de norske fjordene, og gir deg en ideell kombinasjon av natur, kultur og storbyopplevelser. Uansett årstid.

Leirvik

Leirvik

Leirvik er administrasjonssentrum i Stord kommune i Vestland fylke. Her finn du det meste du treng innan kort avstand.

Bekkjarvik

Bekkjarvik

Bekkjarvik ligg på øyperla Austevoll sør for Bergen. I Bekkjarvik ligg og ærverdige Bekkjarvik Gjestgiveri som vart bygd på 1600-talet. Her har dei tatt imot gjester i over tre hundre år!

visitsunnhordland

Følg oss:

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement