Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Barn og familie

Familieferie i FjordKysten og Sunnfjord

Sist oppdatert: 30.01.2024
Vaksen og barn bygger trebåt
Kystmuseet i Sogn og Fjordane|© Visit FjordKysten
Kystmuseet i Sogn og Fjordane|© Visit FjordKysten

Opplev FjordKysten og Sunnfjord og skap gode ferieminner for heile familien! Her kan barna aktivisere seg i timesvis i fjæra, dra på fisketur og finne sin spesielle badeplass blant holmer og skjer.

Coasteering

Opplev naturen frå ein heilt ny vinkel og utfordre deg sjølv både i vatn og på klipper. Coasteering er ein kombinasjon av fridykking, svømming, klippehopping og buldring. Dette er ein aktivitet som kan tilpassast alle aldre og er eit ypparleg utgangspunkt for teambuilding eler ein utfordring for familien

Refviksanden

Nyt late dager på ein av Norges flottaste strender, Refviksanden. Ta med deg familien på ein stranddag, snorkle etter fisk, surf eller berre ligg på madrassen og nyt livet

Kunst og Museum

Endeleg kan du få tida til å gå på spennande utstillingar. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har tre etasjar fulle av utrykk for levd liv. Her finn du aktivitetar for heile familien som du kan oppleve, tolke og gruble over. I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan barna prøve seg på ulike aktiviteter som pil og boge, eller jakte på Kvernsteinstrollet. Vandre i Måløy sine flotte gater. Her finn du flott kunst som representera den flotte kystkulturen i Vågsøy. På Kystmuseet i Florø legg dei til rette for aktivitetar for barn. Historiske utstillingar, friluftsmuseum og museumsløype. Om sommaren kan du helse på flotte kjea på Brendøya.

Vandretur med heile familien

Dagsturhyttene og Nordsjøløypene er populære turmål for alle som ikkje ønskjer å nytte heile dagen til å bestige dei høgste toppane, men ha god tid til å nyte naturen og turen saman med dine kjære.

Mor, datter og to damer vandrer langs stien
© Visit FjordKysten

Drøymer du om hytteferie ved sjøen eller ved elva?

Heile familien storkoser seg på hytteferie. God plass og rolege dagar med turar til fots eller på sjøen i nærområdet er balsam for sjela for liten og stor.

Langs FjordKysten og Sunnfjord er det eit rikt utval av hytter og feriehus, finn di drøymehytte her.

Finn di draumeovernatting her

Bli inspirert til di neste reise i Fjordkysten og Sunnfjord

Fjordkysten og Sunnfjord er fylt med spektakulære opplevingar. Vi trur du vil like desse og

Aktiv Norgesferie

Aktiv Norgesferie

Ønskjer du ein aktiv ferie med varierte opplevingar så er FjordKysten ein perfekt base for å skape gode ferieminner!

Dei vakraste sykkelperlene i storslått natur | FjordKysten og Sunnfjord

Dei vakraste sykkelperlene i storslått natur | FjordKysten og Sunnfjord

I vakker storslagen natur kan du utforske FjordKysten og Sunnfjord og våren frå sykkelsetet.

Kriblande vårstemning i FjordKysten og Sunnfjord

Kriblande vårstemning i FjordKysten og Sunnfjord

Klarar du å hugse følelsen når vinter endelig går mot vår? Når lyset er lenger enn mørket?

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement