Denne sommaren blir det enklare enn nokon gong å oppleve Hyllestad utan bil. Med tilrettelagde bussruter kan du kombinere natur, kultur og aktivitetar på ein berekraftig måte.
Opplev Hyllestad uten bil i sommar
Utforsk Lihesten, Kvernsteinsparken og Indrefjord Gard med bruk av kollektiv transport i sommar.
Kvifor reise kollektivt i Hyllestad?
- Du slepp parkering ved populære turmål.
- Reis berekraftig gjennom Fjordkysten Regional- og UNESCO Global geopark.
- Enkelt å kombinere fleire opplevingar på same helg.
- Perfekt for både fjellvandrarar og familiar.
- Éin billett - uavgrensa reiser heile dagen.
Slik fungerar det
- Reis med ekspressbåt til Rysjedalsvika kai. Båten går frå Bergen, Selje eller Sogn.
- Ta den lokale rutebussen til Leirvik. Frå Leirvik går du av rutebussen og reiser vidare med minibuss til overnattingsstaden din. Skal du bu på Hotel Sognefjord går du av rutebussen i Leirvik.
- Opplev Hyllestad med lokal transport. Bussen tek deg til Lihesten, Kvernsteinsparken, Indrefjord Gard og dagsturhytta gjennom helga. Sjå dagsturforslag lenger nede.
- Reis så mykje du vil. Bussbilletten gjeld heile dagen, og du kan hoppe av og på undervegs. Du må kjøpe éin billett per dag.
Lihesten, sommarens høgdepunkt
Lihesten er for veldig mange sommarens høgdepunkt, og det er lett å forstå kvifor! Det karakteristiske fjellet ruvar over landskapet og har gjennom generasjonar vore eit landemerke og symbol for Hyllestad. Med si dramatiske form, storslåtte utsikt og sagnomsuste historie blir Lihesten ofte skildra som både majestetisk, trolsk og utfordrande. Takka vere dei nye sherpatrappene og tilrettelagde stiane er fjellet no meir tilgjengeleg enn nokon gong.
Reis kollektivt til Lihesten kvar laurdag mellom 3. juli - 30 august.
Kvar laurdag går bussen frå Leirvik eller Sørbøvåg til parkeringsplassen ved Lekva, startpunktet for fjellturen til Lihesten. I sju timar kan du oppleve det mektige fjellmassivet som garantert vil ta pusten frå deg!
For familiar og nysgjerrige oppdagarar
Hyllestad byr på mykje meir enn spektakulære fjellturar. Her finn du opplevingar som passar både for små og store oppdagarar, med spennande historier, aktivitetar og møte med dyr og natur.
I Kvernsteinsparken kan du bli med på ei reise gjennom tusen år med kvernsteinshistorie. Utforsk gamle steinbrot, prøv aktivitetar for heile familien og lær korleis kvernstein frå Hyllestad vart eksportert til store delar av Nord-Europa. Kvernsteinsparken er også besøkssenteret for Fjordkysten Regional- og UNESCO Global Geopark, og gir ei heilt unik oppleving av natur, kultur og historie samla på ein stad.
På Indrefjord Gard ventar gode opplevingar for både born og vaksne. Her kan du bli med på ridetur til fjæra, prøve deg som cowboy for ein dag eller ta ridetimar med erfarne instruktørar. For dei aller minste er det minst like kjekt å stelle og kose med dyra på garden. Her møter du både kaniner, kyr og andre firbeinte bebuarar som gjer besøket til ei oppleving for heile familien.
Overnatt midt i opplevingane
Etter ein dag med opplevingar kan du slappe av ved fjorden. Vel mellom komfortable hotellrom, sosial hostelstemning eller ei hytte langs fjorden. Alle overnattingsstadene har enkel tilgang til bussrutene gjennom helga.
Slik kan helga di sjå ut i Hyllestad
Med kollektivtransport kjem du deg enkelt til både fjellturar og familieaktivitetar. Her er tre forslag til korleis du kan fylle sommarhelga med opplevingar.
Fredag - ankomstdag
Start helga di med ei reise gjennom tusen år med kvernsteinshistorie. Utforsk steinbrota, lær om UNESCO Global Geopark og nyt den vakre naturen rundt parken.
Reise til og frå Kvernsteinsparken
Frå Leirvik 12.00 → 12.10
Frå Sørbøvåg 11.30 → 11.45
Retur
14.00 → 14.15 (Sørbøvåg)
14.30 → 14.40 (Leirvik)
Laurdag - vel ditt sommareventyr
Vil du til topps på Lihesten eller oppleve livet på Indrefjord Gard? Laurdagen byr på opplevingar for både eventyrarar og familiar.
Reise til og frå Lihesten
Frå Leirvik 09.30 → 10.15 (Lekva)
Frå Sørbøvåg 09.55 → 10.15 (Lekva)
Retur
17.00 → 17.15 (Leirvik)
17.00 → 17.40 (Sørbøvåg)
Reise til og frå Indrefjord Gard
Frå Sørbøvåg 11.00 → 11.40
Frå Leirvik 11.25 → 11.40
Retur:
14.40 → 14.55 (Leirvik)
14.40 → 15.20 (Sørbøvåg)
Sundag - ro ned i vakre omgjevnader
Avslutt helga med ein lett og familievenleg tur til dagsturhytta. Her kan du nyte utsikta, ta med nistepakke og oppleve den gode kjensla av å vere ute i naturen. Turen passar for dei fleste og er ein fin måte å runde av ei opplevingsrik helg i Hyllestad på.
Reise til og frå Akse - startpunktet til dagsturhytta Sørefjordhytta og vidare til fjelltoppen Hesjetinden
Frå Sørbøvåg 11.30 → 12.20 (Akse)
Frå Leirvik 12.00 → 12.20 (Akse)
Retur
15.00 → 15.20 (Leirvik) 15.00 → 15.50 (Sørbøvåg)
Bruk den lokale rutebussen for å reise til ekspressbåten frå Sørbøvåg og Leirvik. Bussen har følgande reiserute:
Frå Sørbøvåg til Rysjedalsvika kai 17.50
Frå Leirvik til Rysjedalsvika kai 18.20
Bussen korresponderer med ekspressbåt til Bergen og Sogn.
Er du klar for ei opplevingsrik helg i Hyllestad?
Denne sommaren gjer dei nye bussrutene det enklare enn nokon gong å oppleve Hyllestad utan bil. Enten du vil bestige Lihesten, utforske Kvernsteinsparken eller ta med familien på ridetur og gardsbesøk, ventar store opplevingar berre ein busstur unna.
