Planlegg ditt neste fjelleventyr i FjordKysten og Sunnfjord. Her finn du toppturar med spektakulær utsikt - frå luftige kystfjell til majestetiske tindar og brelandskap. Gjer opplevinga komplett med ei overnatting nær turmålet, enten du ønskjer hotell, hytte, rorbu eller camping.
Toppturar som tek pusten frå deg!
Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?
Lihesten; Vestlandets villaste vegg
Vilt. Vakkert. Vertikalt. Lihesten er fjellet du ikkje gløymer. Med si taggete silhuett og dramatiske klippeformasjonar ser det ut som naturen sjølv hadde ei vill idé - og det hadde den verkeleg. På Lihesten får du både magiske utsiktar og den råe kjensla av ekte fjell - på ekte vis.
Visste du at ...
For om lag 400 millionar år sidan låg Lihesten i botn av ein djup dal, høgt oppe i den Kaledonske fjellkjeda?
Alden; Vestlandets mest fotogene hest
Alden, også kalla "den norske hest", er ikkje berre eit fjell - det er eit ikon. Fjellet som stig nesten loddrett opp fra havet er synleg meir enn 100 km til havs, og er eit av dei mest ikoniske seglingsmerka på Vestlandet.
Turen opp på sine 481 meter over havet byr på ei luftig og spektakulær oppleving, og når du først står der oppe får du ei utsikt som tek pusten frå deg! Dette er ein av dei mest spektakulære fjellturane du kan ta - punktum
Fjelltur til Blåfjell
I Askvoll kan vi også anbefale ein tur opp på Blåfjell, Turen strekkjer seg jamt oppover mot toppen på 533 meter over havet. På toppen ventar ei roleg og vid utsikt frå toppen, der du kan ta inn det karakteristiske fjordlandskapet som pregar området.
Storehesten; eit ikon i Sunnfjord
Du kjenner det lenge før du når toppen - dette fjellet er ikkje som dei andre. Storehesten ber namnet sitt med rette: majestetisk, kraftfull og umogleg å oversjå. Frå toppen stirer du lamslått over eit Vestland som glitrar, ei utsikt som sit i kroppen lenge etter at du har kome ned att.
Heileberget; med panorama over fjord og hav
Heileberget, også kalla Fløgen slyngar seg opp frå Dalsfjorden, og når du står på toppen, ser du fjellrekker i lag, øyar i flokk og havet som glitrar heilt i horisonten. Ta deg tid til å nyte den fantastiske utsikta frå toppen – eit perfekt turmål for eventyrlystne natursjeler!
Pollatinden; dronninga av øyriket Solund
Pollatinden, 541 meter over havet, er ikkje det høgast fjellet du bestig, men ho er garantert eit av dei mest majestestiske fjella i Solund.
Bratt, rå og brå - men likevel oppnåeleg. Og frå toppen? Eit endelaust teppe av øyar, holmar og skjer.
Hamnanova; ein familievenleg fjelltur med storslått utsikt
Ein tur til Hamnanova, 750 meter over havet, byr på ei fantastisk naturoppleving for heile familien. Stien tek deg gjennom variert terreng med ei jamn stigning på om lag 350 høgdemeter, akkurat passeleg utfordrande for både små og store eventyrarar.
Vel oppe på toppen blir du belønna med ei spektakulær utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og dei majestetiske fjella som omkransar landskapet. Dette er ein tur der du verkeleg får nyte både fjellro og naturskjønn utsikt – perfekt for ein aktiv dag i frisk luft!
Lundeskaret; ein ekte fjellklassikar i Jølster
Lundeskaret er mykje meir enn ein fjelltur – dette er ei ikonisk fjelloppleving og truleg det næraste du kjem ein ekte klassikar i Jølster.
Stien slynger seg dramatisk opp det tronge og ville skaret inst i Kjøsnesfjorden, omgitt av stupbratte fjellsider og rå naturkrefter. Dette er Noregs brattaste DNT-merka tursti, så her bør du vere i god form og ha kne som toler motbakkar! Belønninga? Ei luftig, spektakulær og adrenalinfylt oppleving, og ei utsikt som tek pusten frå deg på meir enn éin måte!
Kva ventar du på?
Turane i FjordKysten og Sunnfjord er ikkje berre turar - det er opplevingar som festar seg i kroppen og sinnet. Klikk deg inn på turane, finn di favoritt - og pakk sekken. Utsikta ventar
