Hopp til hovedinnhold

I Fjordkysten og Sunnfjord skiftar landskapet raskt: frå havets bølgjer og øyliv til djupe dalar, historiske stadar, mektige fossar og eldgamal is.

Dette er turen for reisande som ynskjer rom, autentiske opplevingar og å utforske Fjord Norge sine mindre kjende destinasjonar.

Reisa i korte trekk

Dette er ei 3–5 dagars reise frå kysten i vest til breane i aust.

Etappe 1: Padleopplevingar og mektige fjell i den spektakulære UNESCO Global Geopark

Etappe 2: Øyhopping og kystsykling i Noregs «Venezia»

Etappe 3: Ei reise gjennom mektige fjordar, fossar og kulturlandskap

Etappe 4: Breopplevingar i Jostedalsbreen nasjonalpark

Nyttig å vite

Reisa går gjennom område der du i stor grad vil vere avhengig av bil som framkomstmiddel. Det er mogleg å leige bil ved ankomst Rysjedalsvika, og bruke denne når du reiser rundt i Hyllestad. Når du skal på øyhopping med den lokale postbåten, må du reise kollektivt. Dersom du reiser frå Hyllestad same dag som øyhoppinga, må du ta ferga klokka 09.05 frå Rysjedalsvika. Vidare tek du lokalbussen frå Krakhella til Hardbakke.

Reisa frå Hardbakke til Askvoll skjer gjennom ein kombinasjon av lokal transport og sykling.

Når du kjem til Askvoll, treng du leigebil for å kunne gjennomføre resten av etappene. Du kan velje å ta ekspressbåten frå Askvoll tilbake til Rysjedalsvika for å hente leigebilen før neste etappe.

Du kan bu på Sognhostel, eller finne fleire overnattingsstader i nærleiken.

Etappe 1: Frå det ville havet i vest

Fly inn til Bergen, og reis vidare til regionen med offentleg transport. Ekspressbåten mellom Bergen og Selje stoppar fleire stader langs kysten, og er ein behageleg måte å starte reisa på.

Ved ankomst Rysjedalsvika reiser du vidare til Sognhostel, som vil vere basen din dei neste dagane.

Korleis kjem du deg til Sognhostel?

Du kan anten bestille ein leigebil, ta taxi, eller høyre med vertskapet om den enklaste og mest saumlause måten å kome deg dit på.

Når du har kome godt på plass, kan du oppleve Hyllestad sine ikoniske landskap ved å leige sykkel frå Sognhostel. Gå tur på mektige Lihesten, eller vel ein av dei mindre toppane som Hesjetinden eller Sørefjordhytta.

Like ved hostellet finn du også Kvernsteinsparken, og Hjertebladhagen, som om sommaren byr på ei hyggeleg hagekafé.

Lihesten
Lihesten | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

Neste dag tek du ferga frå Rysjedalsvika til Krakhella i Solund. På Hardbakke ventar Sognefjord Active med padleopplevingar i det som ofte blir omtalt som eit av Noreg sine beste padleområde.

Etter ei flott stund på sjøen kan du besøkje Taklebua i hamna og nyte ein god lunsj på den lokale gjenbruksbutikken.

Du kan velje å returnere til Sognhostel, eller overnatte i Solund.

Sjå opplevingane her!

Etappe 2: Øyhopping og sykling i havgapet

Neste dag reiser du tilbake til Solund og blir med den lokale postbåten som går mellom Hardbakke og Bulandet. Båten tek deg gjennom eit mylder av øyer, holmar og skjer, medan båtføraren guidar undervegs.

Merk: Postbåten mellom Hardbakke og Bulandet går berre i sommarsesongen.

I Bulandet leiger du syklar og utforskar dei spektakulære øysamfunna Værlandet og Bulandet. Stopp ved ulike kunstinstallasjonar, nyt lunsj i eit stort kamskjell, og besøk Gjørøylykta for ei luftig og minnerik oppleving.

Sykle vidare til Værlandet Havhotell, som blir basen din for natta.

Neste morgon tek du ferga frå Værlandet til Askvoll der du kan oppleve småbygdsjarmen. Her kan du velge å ta deg ein dag å utforske med ei overnatting på Askvoll Fjordhotell, eller så kan du reise tilbake til Rysjedalsvika med ekspressbåten å hente leigebilen. Neste etappe startar i Dale i Sunnfjord.

Sjå opplevingane her!

Etappe 3: Fjordar, fossar og kulturlandskap

Neste morgon bør du ha leigebil når du skal reise vidare frå Askvoll og inn mot vakre fjordlandskap og mektige fossar.

Ved Dalsfjorden kan du vandre til den skjulte perla Fossedalen, der du til og med kan bade under fossen. Utsikta på vegen inn er magisk.

Køyr vidare til Hellevik, der Leonards Forlaavelse ventar. Dette er ei høgkvalitets småskala matoppleving med intim og autentisk atmosfære. Her finn du òg ein ostebutikk som er open 24/7.

Etter eit godt måltid køyrer du vidare mot den nasjonale turistvegen Gaularfjellet. Opplev den brusande Likholefossen, gå langs stiane ved Fossestien og besøk utsiktspunktet «Utsikten» før du set kursen mot brebygda Jølster.

Her kan du besøkje Astruptunet, heimen til kunstnaren Nikolai Astrup, ein av Noreg sine mest kjende målarar. I Jølster får du oppleve landskapet som inspirerte dei ikoniske måleria hans.

Overnatt mellom mektige fjell og eit langstrekt vatn, med fleire gode overnattingstilbod i området.

Sjå opplevingane her!

Etappe 4: Breoppleving i Jostedalsbreen nasjonalpark

På den siste etappen får du oppleve den mektige breen – ei nervepirrande og heilt unik oppleving der du kjenner isen knitre under føtene.

Saman med Breogfjell utforskar du blåisen på Haugabreen, ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Ei uforgløymeleg avslutning på reisa – frå det ville havet til den evige isen.

et oversiktbilde av et landskap med elv, foss og terreng. en person står på brua som går over fossen. det er sommar med grønne element og isklar foss og elv
Brevandring til Haugabreen | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord digitalt og interaktivt før reisa di – på din måte, i ditt tempo

Ta ein digital rundtur gjennom Fjordkysten og Sunnfjord. Her kan du sjå, utforske og la deg inspirere av landskapet, historia og dei unike opplevingane som ventar.

Bli inspirert til reisa di