Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Kråko

Kråko er eit nydeleg område på Fitjar som ligg heilt ute ved sjøen. Midt i Kråko finn du PS Bryggekafe, ølbryggeriet En Liten Øl og såpeprodusenten Fitjar Island.

Stranda ved Port Steingard gjestehamn, sommarstid
Stranda ved Port Steingard gjestehamn|© Port Steingard

Her er det fint å sykle, og du finn fleire strender og turstiar i området. Ynskjer du leiga deg kano og padle deg ein tur, kan du leige kano hos Kråko gjestetun. Dei tilbyr også overnatting og catering.

Frilufts- og sjøhytteområdet Kråko ligg kun nokre kilometer frå Fitjar sentrum, på øya Stord. Anten du kjem sjøvegen – med eigen båt eller kajakk, eller med eigen bil eller sykkel, så blir du truleg overraska av det denne flotte halvøya byr på.

Her er det både kafé, såpekokeri og mikrobryggeri. Alt dette ligg ved sjøen saman med badestrand og ei idyllisk småbåthamn.

På PS Bryggekafe sit du heilt på bryggekanten og kan nyte langsam mat, drikke og smakar tilberedt av lokale råvarer. Smak også gjerne på «kråkobolle» som dei bakar her! Sjå også kulturkalenderen for arrangement på kafeen – og så oppmodar me om å bestille bord for å sikre deg plass.

Kråko har også overnattingsmoglegheiter, anten du kjem med campingvogn, bubil eller vil leige rom. Her er også eit svært populært sjøhytteområde.
Og sjølvsagt er det gode fiskemoglegheiter her.

Dersom du tek turen inn til Fitjar sentrum kan du finne overnatting og kafe på Fitjar Fjordhotell, og Engesund Visningssenter tilbyr RIB-tur ut til fiskeoppdrettsanlegg.

Opplevingar i Kråko

Engesund fiskeoppdrett visningssenter

Engesund fiskeoppdrett visningssenter

Engesund visningssenter er eit opplevingssenter der du kan oppleve norsk oppdrett på nært hald. Her får heile familien kome tett på naturen, lære om livet i merdane og utforske ei viktig næring i Norge.

Kanoutleige hos Kråko gjestetun

Kanoutleige hos Kråko gjestetun

Kråko Gjestetun ligg flott til nær sjøen. Her kan du leige kano og ta deg ein padletur i Hellandsfjorden. 

Sykkeltur i Kråko Sjøhytteområde (13,5 km)

Sykkeltur i Kråko Sjøhytteområde (13,5 km)

Dette er ein variert tur som går på ein lite trafikkert veg i det naturvene hytteområdet Kråko.

Alle aktiviteter tilknyttet Kråko

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Mat og overnatting i Kråko

Kråko gjestetun

Kråko gjestetun

Kråko Gjestetun ligg flott til nær sjøen. Her er det gode tilhøve for campingturistar både i telt, campingvogner og bubilar.

Port Steingard gjestehamn

Port Steingard gjestehamn

Port Steingard ligg midt i Kråko med gjestehamn, Kråko Spiseri, En Liten Øl og Fitjar Islands – kjend for såpe og barberprodukt.

Alle overnattingssteder tilknyttet Kråko

Kommende arrangementer

Reiseinspirasjon

Leirvik på Stord

Leirvik på Stord

Leirvik er sentrum og cruisehamn på Stord – midt i Sunnhordland mellom Bergen og Stavanger. Her finn du shopping, kultur, restaurantar og aktivitetar i gangavstand frå kaien.

Bekkjarvik

Bekkjarvik

Bekkjarvik ligg på øyperla Austevoll sør for Bergen. I Bekkjarvik ligg og ærverdige Bekkjarvik Gjestgiveri som vart bygd på 1600-talet. Her har dei tatt imot gjester i over tre hundre år!

Moster

Moster

Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.

visitsunnhordland

Visit Sunnhordland

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement