Cruiseinfo Ålesund – ein praktisk guide for cruisegjester

Skipet legg til kai midt i byen. Her finn du alt du treng å vite om å kome deg rundt, kva du bør oppleve og kvar du et – rett frå kaia i Ålesund.

Eit cruiseskip seglar ut frå Ålesund i blåtimen – byen lysar opp i bakgrunnen
Eit cruiseskip seglar ut frå Ålesund i blåtimen – byen lysar opp i bakgrunnen|© Inno As/ Dag Lausund

Velkommen til Ålesund

Skipet legg til kai midt i byen. Jugendstilgater, fjordturar og 418 trinn til utsikta du ikkje gløymer – alt startar ved sjøfronten på sørsida av Ålesund.

Cruisekaia i Ålesund er fordelt på tre kaier: Storneskaia, Stornespiren og Prestebrygga. Kva kai skipet ditt brukar varierer etter storleik og tidspunkt – sjekk gjerne informasjon om bord eller anløpsplanen til Ålesund hamn før du går i land.

Det gode er at alle kaiane ligg nær kvarandre og nær sentrum. Herifrå kan du gå rett frå skipet og inn i jugendstilgatene.

Utsikt frå Aksla, byfjellet i Ålesund, med øyane og havet i bakgrunnen.
Utsikt frå Aksla, byfjellet i Ålesund, med øyane og havet i bakgrunnen. | © Fjord Norway

Slik kjem du deg rundt i Ålesund

Til fots

Ålesund er ein kompakt by, og dei fleste attraksjonane i sentrum er innan kort gangavstand frå kaia. Gatene er kupert og har noko brostein, så ta på deg gode sko. Attraksjonar som Jugendstilsenteret, Brosundet, Ålesund kyrkje og byrampa opp mot Aksla – alt ligg innanfor 20 minutts gange frå skipet.

Sightseeing

Hop-on hop-off bussar køyrer frå cruiseterminalen kvar 20. minutt mellom kl. 09.00 og 16.00, med 9 stopp på ruta. Billetten er gyldig i 24 timar og har lydguide på fleire språk. Bussane opererer på dei største cruisedagane frå april til oktober.

Det vesle bytoget avgår kvar 30. minutt når det er cruiseskip i hamn. Heile rundturen tek omtrent 70 minutt og inkluderer stopp ved utsiktspunktet Fjellstua. Toget startar og sluttar ved cruiseterminalen.

Lokalbuss (FRAM)

Lokalbussane i Ålesund driftas av frammr.no. Dei er eit godt og rimeleg alternativ når du skal til Atlanterhavsparken og andre stader utanfor sentrum. Kjøp billett i FRAM-appen på førehand for rimelegaste billett.

Taxi og leigebil

Det står som regel taxiar tilgjengelege på kaia ved anløp. Du kan òg bestille på førehand. I tillegg finn du fleire leigebiltilbydarar i Ålesund.

  • Her kan du finne meir informasjon om tilbydarar av bil.

Kva kan du gjere i Ålesund?

Éin dag er nok til å få et godt inntrykk av Ålesund, sjølv om dei fleste ynskjer seg meir. Her er noko av det du bør få med deg:

Aksla – utsikta som set ting i perspektiv

418 trappetrinn frå byparken tek deg til Fjellstua på toppen av byfjellet Aksla. Derifrå ser du jugendstilbyen under deg, øyane som strekkjer seg mot havet, og på klare dagar konturane av Sunnmørsalpane. Du kan òg ta bytoget opp. Rekn med 30–40 minutt til fots éin veg.

Jugendstilsenteret og byvandring

Ingen annan by i Noreg har så mange jugendstilhus tett inntil kvarandre. Jugendstilsenteret held til i det gamle Svaneapoteket frå 1907 og fortel historia om bybrannen i 1904 og attreisinga som følgde. Ei guideoppleving gir deg augene til å sjå detaljane i fasadane – tårna, ornamenta og dei svungne linjene som pregar gatene. Du kan òg gå på eiga hand med kart frå turistinformasjonen.

Atlanterhavsparken

Eitt av Nord-Europas største saltvassakvarier, bygd inn i det naturlege kystlandskapet vest for sentrum – vel 3 km frå kaia. Her kan du sjå dykkjarar mate fisk i dei store tankane, og sjå sel og oter i utebassenga. Ta hop-on hop-off bussen, sightseeingbussen eller lokalbuss nr. 1 til Tuenesvegen. Frå busstoppet er det rundt 10-15 min å gå.

Sunnmøre Museum

Eit friluftsmuseum med over 50 historiske bygningar og ei imponerande samling av gamle båtar og vikingskipskopiar. Sunnøre Museum ligg like utanfor sentrum og er lett å nå med hop-on hop-off bussen.

Mat og drikke i Ålesund

Ålesund er ein fiskeby, og det merkast på tallerkenen. Fersk sjømat, klippfisk og kortreiste råvarer pregar menyane i restaurantane langs kaiane og i sentrum. Her kan du ete kortreist sjømat i verdsklass.

Kaféliv

Ålesund har eit pulserande kafémiljø med mange hyggelege stader å ta inn bylivet. Set deg ned ved Brosundet, i Apotekergata no. 5 eller besøk Racoon Coffee & More midt i jugendstilarkitekturen. Jacu er eit lokalt kaffebrenneri som brenner kaffebønner av høg kvalitet – sjå etter namnet på menyen når du set deg ned. Kaffen herifrå blir servert på mange av byens kafear, og er eit lite stykke Ålesund i koppen.

Kjekt å vite

Kortbetaling brukast overalt i Ålesund. Dei fleste restaurantane i sentrum er innan 10–15 minutts gange frå kaia. På travle cruisedagar kan det løne seg å bestille bord på førehand – særleg ved dei mest populære stadene.

Meir om Ålesund