No poppar alt fram på Stranda og i Geiranger

PopUp Norge pakkar sekken, og har med kokkar, servitørar og gjer lokale smakar frå fjord og fjell til vinterkos på Stranda.

Sunnmøre byr på fantastiske skiturar med fjordusikt.|© Håvard Myklebust

Dagane blir lysare. Vinteren har gjort Sunnmørsalpane til eit stort leikeland med toppturar, skisenter og forfriskande fjordluft. Oppi det heile poppar også gourmetopplevingar opp i Stranda sentrum. Hit kjem nye PopUp-kokkar kvar veke og nyttar lokale råvarer til å skape smakane du aldri gløymer. Kom hit, og kjenn dufta, smaken og vindpusten av fjell-vinteren som blir til fjord-vår.

«Vi pakkar sekken med vin, servitørar, interiørarkitekt og ikkje minst kokkar som kan skape den beste opplevinga med lokale råvarer og gode forteljingar.»

Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.

Toby Skinner i Conde Naste Traveller utropte Stranda som ein av dei beste skidestinasjonane i Europa. I Sunnmørsalpane får du fantastiske fjell, men også fjordutsikt og gode opplevingar. Frå 12. februar og til 6. april 2024 får fjord- og fjellbygda ein ekstra attraksjon. Skinkerådhuset midt i Stranda sentrum blir til ein ny restaurant kvar veke med nye kokkar og menyar.

Jannet Aksnes og resten av gjengen i PopUp Norge elskar å reise rundt i landet vårt for å skape topp-restaurantar der ingen skulle tru at nokon kunne drive med smaksmenyar. – Men det er det klart vi kan! Vi har med kokkar, servitørar, interiørarkitektar og vin. Bygda stiller med eit fantastisk innreidd Skinkerådhus, råvarer, nydeleg natur og for Strandas del: ei svært rik industrihistorie og utruleg positive innbyggjarar, fortel Jannet med entusiasme. Ho har fått med seg lokale historieforteljarar til å formidle industrihistoria.

Jannet og resten av PopUp Norge kosar seg når dei får servere lokal fisk på førsteklasses vis i vakre omgjevnader.

– Restauranten vår blir eit møtepunkt mellom tilreisande og dei som bur i nærområdet. Det har det blitt der vi har gjort det før, frå Svalbard i nord til Otternes i Aurland i sør. Med nye kokkar og tilbod kvar veke kan du få noko nytt heile tida, utdjupar mat- og reiselivsentusiasten.

Ta deg ei pause på Stranda og Strandafjellet

Toppkokkar kjem til Stranda, har med seg sine idear og favorittråvarer, blir inspirert av naturen, historia, råvarene og skapar unike matopplevingar i fjordbygda som ligg i hjartet av Sunnmørsalpane.

«Når kokken får møte dei lokale produsentane oppstår ofte dei gode ideane som fører til dei beste rettane.»

Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.
Det skjer noko med kokkar når ein kan vere tett på. På heile Sunnmøre finst det lokale produsentar som leverer fantastisk kvalitet.|© Fjord Norway

Slik fungerer PopUp Stranda

  1. Frå 12. februar til 6. april 2024 blir Skinkerådhuset på Stranda restaurant
  2. Mandag–onsdag byr PopUp-kokken på 3-retters meny
  3. Torsdag–laurdag lagar vekas gjestekokk opplevingsmeny på 7–10 rettar
  4. Søndag og onsdag kan du nyte Afternoon Tea

Her kan du overnatte

Høgstandard hytter og leiligheiter

Eit alpelandskap med fjordutsikt

Stranda ligg midt i Sunnmørsalpane. Her er det gode skiforhold for deg som vil bli med guide på topptur eller nyte ein dag på eit skisenter der du ser fjorden, og kan suse ned over deilige fjellsider.

«Stranda er ikkje berre ei matoppleving. Det er ein skidestinasjon.»

Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.

Når du først er i Sunnmørsalpane bør du nytte høvet til å gli gjennom snøen. Både på Strandafjellet og Fjellsætra ligg toppklasses skianlegg med fjordutsikt og løype på alle nivå. Det er også mange moglegheiter for deg som vil oppleve pudderføre. Gode guidar kan også finne toppturen som passar for nett deg og følgjet ditt.

Opplev Sunnmørsalpane i vinter

Jorda og lufta gjer noko med folka – og maten

Litt sør for Stranda sentrum ligg Skarbø gard. Der har familien til Kristine Skarbø i åtte generasjonar skjøtt landskapet og dyra. Fjord- og fjellufta har gitt næring til folk, frukt og fe.

Kristine vandrar mellom epletrea heime på Skarbø. Næringa i jorda skapar epleblomster, som blir til saftige, søte og syrlege smaksopplevingar.|© Oddgeir Visnes / TIBE

«Det er kjekt at kokkane set søkelys på dei gode råvarene med kort veg frå jorda her til bordet på Skinkerådhuset.»

Kristine Skarbø, bonde og sider- og osteprodusent ved Skarbø Gard.

– Her på garden er det viktig for oss at arbeidet vårt er heilt frå jorda til bordet. Smaken av våre eple og vår mjølk kjem frå dette landskapet. Det skapar sideren, jusen og osten som kokkane kan skape endå større opplevingar ut av, seier Kristine. Ho gleder seg til å syne fram landskapet, og at gjestene verkeleg får sjå og nyte det vi i fjordlandskapet kan by på.

Jannet i PopUp Norge er einig. – Kokkane som kjem til oss skal få kose seg med dei unike gode lokale smakane: skinka, fisken, sideren, juicen, ostane, ja, til og med Grandiosapizzaen skal dei få prøve seg på, smilar Jannet.

Eple- og osteprodukta kan smakast på, på garden og under matopplevingane hos PopUp Stranda.

Kokkane får eit par dagar til å bli kjend med produkt og produsentar før dei set menyen endeleg. Ofte blir dei påverka av alt dei får sanse dit dei kjem, og endrar rettane slik at dei treff oss som gjester endå betre. Når dei møter Carlos, Kristine og andre som produserer, sanker og fangar mat i Stranda finn dei dei beste ideane for dei unike råvarene.

Kristine og Carlos er drivarane av Skarbø Gard. Her produserar dei ost og sider.|© Oddgeir Visnes / TIBE

Fleire lokale bønder, sankarar og fiskarar leverer unike råvarer som du kan få servert hos PopUp Stranda i vinter. Bli med på Afternoon Tea, 3-retters lokal meny og 7-10-retters smaksmeny med ein ny spennande gjestekokk kvar helg. Her kan du sjå kokkekalendaren.

La fjorden og lyset føre deg til Geiranger

Følger du Storfjorden innover til Stranda kjem du til UNESCO-verdsarv Geirangerfjorden. Berre ein halvtime unna Stranda ligg ferjeleiet på Hellesylt. I vinter byrjar turistferja frå Hellesylt til Geiranger rekordtidleg. Turen frå Stranda til Geiranger har sjeldan vore enklare. – Og før ombordkjøyring på Hellesylt kan du stikke innom Hellesylt Boutique & Bar på Hellesylt for ein triveleg handel. Du kan også velje å la bilen stå og reise på ein dagstur til Geiranger med fjordcruiset som går mellom Ålesund, Stranda og Geiranger.

Fjorden og fjella syner seg frå sine vakre og trolske sider. Også på vinteren. For matentusiasten er det både destilleri, sjokoladefabrikk og ein rekke andre opplevingar i verdsarvsbygda. Det er ikkje berre duften og smaken som får auga dine til å lyse opp. Under Geiranger lyskunstfestival kjem norske og internasjonale lyskunstnarar og gir deg lysinstallasjonar, videokunst, lyskunst mot bygningar og natur i verdsarvsbygda.

Opplev Geiranger i vinter

Reiseinspirasjon