Hopp til hovedinnhold

Frå å kjenne adrenalinet pumpe gjennom kroppen under eit fritt fall i zipline, til å smake solmoden frukt medan fjordbrisen dansar over huda – i Valldal er kontrastane det som gjer opplevinga komplett.

6 måtar å oppleve Valldal på:

  1. Smak på fruktbygda Valldal
  2. Kajakk eller SUP på den fredelige fjorden
  3. Rafting eller juving i Valldøla
  4. Klatring, zipline og rappellering
  5. Yoga og glamping
  6. Sykkel og fjellturar til spektakulære utsiktspunkt

Smak på fruktbygda Valldal

Når du kjem til Valldal og Linge, kjem du til nokre av dei fremste fruktbygdene i Noreg. Det unike fjordklimaet, med lange og lyse sommardagar, gir søt og saftig frukt med ein smak du sjeldan gløymer. Jordbæra frå Valldal er legendariske – intense på smak og sakte modne. Men det er ikkje berre jordbæra som trivst i dei solrike liene. Her veks også bringebær, plommer, eple og pærer.

Valldal er ei frodig og fargerik bygd både vår, sommar og haust. Frå romantisk fruktblomstring om våren, søte jordbær om sommaren og bugnande epletre om hausten.

Besøk gjerne Lingebakken gardsutsal og smak på sesongens frukt, juice eller sider. Her har det vore dyrka frukt og bær i generasjonar, og meir kortreist smaksfyrverkeri får du ikkje. Dersom du bestiller på førehand, kan du også få bli med på sidersmaking.

Enten du kjem i jordbærsesongen eller under eplehausten, er smakane frå bygda eit perfekt avbrekk frå alt det elleville.

Storfjorden iskrem
Iskrem med jordbær og bringebær frå Valldal.|© Storfjord Iskrem/ @monanordoy

Kajakk eller SUP på fjorden

Nyt ein blikkstille fjord der fjellsidene speglar seg – og høyr fossane som brusar. Frå både Valldal og Tafjord kan du bli med både Uteguiden og Ræin på guida kajakkturar med ulike lengder, samt kajakkurs om du vil lære meir om teknikk og redning. Vil du prøve deg på SUP (Stand up paddle board) so kan du få magiske opplevingar med Ræin på den fredfulle UNESCO-verdsarvfjorden Tafjord.

Opplev Norddalsfjorden og UNESCO-fjorden Tafjord i kajakk.
Opplev Norddalsfjorden og UNESCO-fjorden Tafjord i kajakk. | © Uteguiden

Rafting eller juving i Valldøla

Om du vil prøva juving, kan du hoppe i det blågrøne vatnet ved Gudbrandsjuvet og kjenne blodet bruse av glede. Her er du omringa av kulissene rundt Juvet Landskapshotell, der HBO-serien Succession ble spelt inn, samt storfilmen Ex Machina. Eller kva med å rafte ned elva Valldøla? Her finst spennande og morosame stryk for både familien og deg som søker eit skikkeleg adrenalinkick.

Juving handlar om å ta seg gjennom eit elvejuv, og det kan gjerast på ulike måtar.
Juving handlar om å ta seg gjennom eit elvejuv, og det kan gjerast på ulike måtar. | © Uteguiden

Klatring, zipline og rappellering

Klatreparken ligg idyllisk til langs elva i Valldal. Her finn ein små og store ziplines, leikeapparat, hoppeputer og andre hindringar med ulike vanskegradar. Parken er open kvar dag midt på sommaren og i helgene på våren og hausten. Er du glad i høgder kan kanskje dette vere midt i blinken. Prøv familieklatring i Fjøra med Uteguiden, eller rappellering ned Zachariasdammen saman med Ræin og Ville Krefter. I Fjøra, knappe 5 minutt frå Valldal, kan ein også vere med på ein guida grottetur.

Person tar zipline over elva i Valldal Aktivitetspark.
Små og store utfordringar for heile familien|© Valldal Aktivitetspark

Yoga og glamping

Midt i fruktbygda finn du Meretes Garden – eit lite pusterom med glamping, yoga og badstue. Her kan du bu i glampingtelt ved elva, delta på yoga i eit drivhus med utsikt til ein japansk hage, ta eit bad i vedfyrt sauna og finne balansen i vakre omgjevnader. Perfekt for deg som vil kombinere Valldal-eventyret med ro og velvære.

Glampingtelt Meretes garden
Tenk å sovne til elvesus i eit glampingtelt, og gjere morgenyoga når du vaknar. | © Meretes Garden

6) Sykkel og fjellturar til spektakulære utsiktspunkt

Opplev Trollstigen frå Trollstigplatået – med bil eller på el-sykkel med Uteguiden. Her kjem du tett på både ingeniørkunst og natur. Bli med på guida fjellturar på ulike nivå som er tilpassa både små og store. Kanskje vil du oppleva Mefjellet eller Tafjordfjella. I tillegg til spektakulære og trygge opplevingar, veit ein guide om dei beste plassane for både fotostopp og matpausar. Og så får du gode historier med på kjøpet. Les meir her om korleis du kjem deg til Trollstigen og Trollstigplatået>>

Trollstigen utsiktspunkt og de svingete veiene omkranset av fjell.
Sjå det dramatiske landskapet frå Trollstigplatået | © Haakon Lundkvist/visitnorthwest.no

Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark

Tafjordfjella ligg i Reinheimen Nasjonalpark – villreinens sitt rike. Her finn du eit stort rutenett og populære turistforeiningshytter i Tafjordfjella. Eksempelvis Reindalseter med sine 76 sengeplassar. Med ein god naturguide frå til dømes Ræin eller DNT, vil du få gode historier om alt frå den unike geologien til spektakulære hendingar som skjedde i fjella under andre verdskrig. Eller kanskje du vil vandre aleine, utan mål men med masse meining. Når du kjem ned att til fjorden, anbefaler vi eit besøk på Kraft- og Skredsenteret Ville krefter. Her kan du blant anna lære om skredkatastrofen kjend som Tafjordulykka.

Person sitter på fjellet Heggura og ser på utsikta innover tafjorden og Tafjordfjella
Utsikten innover UNESCO-fjorden Tafjord og Tafjordfjella.|© Ida Katrine Knutson Eriksen

Finn inspirasjon til fleire opplevingar