Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Hollywood vel frå øvste fjellhylle

Vår, sommar, haust
Sist oppdatert: 12.03.2024
Tom "Cruisar" gjennom lufta på sin spreke tohjuling.|© 2023 Paramount Pictures
Tom "Cruisar" gjennom lufta på sin spreke tohjuling.|© 2023 Paramount Pictures

Opplev filmmagi i Møre og Romsdal: Ta deg nokre dagar i noko av det mest unike landskapet i verda, skal ein tru utanlandske film- og serieskaparar.

Her får du sjå på nokre av kvalitetane som gjorde at gigantiske utanlandske filmproduksjonar valde nettopp vesle Noreg.

Besøk stader du kanskje allereie kjenner til gjennom HBO-serien Succession, Marvels Black Widow, Tom Cruise-blockbusteren Mission Impossible 7 eller James Bond-filmen No time to die.

Gøym deg bort i ein rolig fjordarm, eller opplev storhavet midt i frontruta. Du kan koma deg til topps på ein forblåst fjelltopp til fots, med klatresele eller via ein mektig gondol.

Moglegheitene er mange, men korleis finn du fram til desse stadene?

Flygande filmstjerne


Du kan reise innover fjordane frå Ålesund. Trongare blir det, brattare og brattare opp langs fjellsidene. Og så kjem du til Hellesylt.

Denne sommaren vil alles merksemd vere retta mot den vesle staden, eller rettare sagt mot ei klippe tusen høgdemeter over bygda. Det er nemleg her Tom Cruise, alias Ethan Hunt, viser sitt mest spektakulære stunt nokon sinne, når Mission Impossible 7 får premiere.

Sjølve stuntet vart sjølvsagt øvd inn og filma for ei tid tilbake. I fleire månader vart det bygd opp eit massivt stillashopp på toppen av Helsetkopen, ein velkjend stad innan basehoppmiljøet.

Ut frå Helsetkopen køyrde han på ein motorsykkel, for så å sleppe taket og gjennomføre eit basehopp derifrå. Ein haug skodelystne lokale hadde benka seg for ei uvanleg oppvising den dagen.

På Helsetkopen sine 1246 høgdemeter kan du miste mæle. Men mist for all del ikkje fotfestet.
På Helsetkopen sine 1246 høgdemeter kan du miste mæle. Men mist for all del ikkje fotfestet.|© Simon Sjøkvist

Blant dei som hadde møtt opp var Ole Ringdal.

Han fortel at dei var ein stor samling folk, nokre hundre meter unna filmcrewet og landingsplassen. Den dagen gjekk det helikopter opp og ned frå fjellet i skyttel. Ei nervøs stemning spreidde seg etterkvart som det nærma seg at noko skulle skje.

Kanskje filmhistoriens villaste stunt! Utført av ein av verdas største kjendisar, her på Hellesylt!

Med eitt sprang han ut frå klippa, motorsykkelen dundra ned i steinura og Ole tenkte:

– Wow, han gjorde det!

Så løyste fallskjermen seg ut. Ein enorm lette avløyste nervøsiteten som nyleg hadde prega folket i dalen.

– Vi jubla som søren! Eg spratt til og med ei champagneflaske!

I omkring to-tre veker budde Tom Cruise og teamet hans i Valldal. Han blei observert fleire stader, bland anna badande i fjorden ved hytta han budde i.

Ole, som er slaktar, møtte på Cruise ved nokre tilfeller ettersom han leverte kjøt på bestilling frå folkene i filmteamet.

– Eg var oppe på hytta og fekk selfie med Tom Cruise, og sa til han at «I am the butcher». Så svara han: «I know you are the butcher, you have the best food in the world!»

Om du skal ta turen til Hellesylt treng du sjølvsagt ikkje å dra med deg motorsykkel og fallskjerm. Men hald blikket oppover, så kanskje du oppdagar ein basehoppar som vil prøve seg på litt Tom Cruise-action!

Sjå korleis dei gjennomførte det villaste stuntet i filmhistoria. © 2023 Paramount Pictures

Sykkeltur i flotte omgivelser

Sykkeltur på Hellesylt – “Mission Impossible”

Bli med på elsykkeltur fra Hellesylt til foten av fjellet Helsetkopen, fjellklippen som Tom Cruise hoppet utfor med motorsykkelen. En opplevelse for deg som er filmentusiast og som vil ha naturen tett innpå.

Raumabanen

Skreddersydde film-location turar frå Ålesund

Kjenn deg som ei filmstjerne på Vestlandet.

Diskret luksus i Valldal

Nokre fjordarmar lengre inn i landet, finn du Valldal som leier opp til Gudbrandsjuvet. Her ligg  ein etter kvart godt berømt filmyndling: Juvet Landskapshotell.

Med utemt natur og ein brølande foss like ved, ligg dei minimalistisk utforma bygga. Kontrasten utgjer eit underleg og rått nærvær som kan verka blottstilt og privat på same tid.

Hotellet vart først kjend gjennom filmen Ex Machina (2014). Science fiction-filmen har i snart ti år inspirert gjestar frå heile verda til å ta turen til Noreg, folk som har sett dei spesielle bygga og blitt freista.

"When we saw images of the remarkable architecture and setting of Juvet we got really excited — like nowhere else in the world»

– Scott Ferguson, produsent i Succession.

Juvet landskapshotell

Juvet Landskapshotell

Eit møte med rå norsk natur, kulturhistorie og moderne arkitektur.

En spesiell hytte i skogen på påler, i tre og glass.
Inni granskauen så vakkert. Eller er det bjørk? Juvet landskapshotell er kjend frå Succession og Ex Machina.|© Per Ritzler / Statens vegvesen

Nyleg vart ein episode av HBO-serien Succession spelt inn her på Juvet.

"When we saw images of the remarkable architecture and setting of Juvet we got really excited — like nowhere else in the world» – Scott Ferguson, produsent i Succession. Uttalelsen er gjort i eit intervju i Variety, og sitert på heimesida til Juvet.

Juvet er eit tydeleg eksempel kva merksemd gjennom film og TV kan gjere. Effekten brer om seg i både område og tid.

– Det var for så vidt god timing å få ei ny innspeling no, ti år etter den forrige store produksjonen, seier Knut Slinning eigar av hotellet.

– Det er jo først og fremst noregsreklame det dreier seg om. Dernest reklame for området: Valldal, Rauma, Atlanterhavsvegen. Og så er det berre nokre få av desse som ender opp med å bo ei natt på Juvet.

Med auka popularitet er hotellet stort sett fullbooka lang tid i førevegen. Utanfor sesongen finst det fleire mogelegheiter, om ein er fleksibel.

Fleire overnattingsstadar i Valldal

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Nordvest.

Valldal Fjord Lodge

Valldal Fjord Lodge

Valldal Fjord Lodge ligger i sentrum av Valldal, et uformelt sted hvor du kan lade batteriene gjerne over flere dager.

Sylte Hotell

Sylte Hotell

Bli kastet bak til det sene 1800-talet midt i sentrale Valldal! Her får du en atmosfære av et over 100 år gammelt hotell med spennende historie og med full moderne komfort og gode lokale råvarer på menyen.

Valldal Fjordhotell by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell ligger midt i Valldal sentrum kun få meter fra den utløpet av den lakseførende elva Valldøla. 

Veteranen Rauma

Vidare over fjellet frå Juvet, køyrer du dei berømte svingane ned Trollstigen imot Romsdalen. Vegen her er gjord kjend verda over takka være dei spektakulære bileta av den årlege brøytinga. Svingane er nytta i fleire produksjonar, ofte i forbindelse med såkalla transportklipp, for å illustrere noko veldig avsidesliggande. I Marvel-filmen Black Widow er scener herifrå brukt for å vise agent Natasha Romanov si strevsame ferd til butikken!

På plass nedi Åndalsnes, ser du straks Romsdalsgondolen som tar deg opp til toppen av fjellet Nesaksla. Her var også location for fleire av scenene i Succession. Både fjellandskapet og den luksuriøse restauranten Eggen har fått mykje skjermtid.

Kikar du ned frå kanten er det ikkje vanskeleg å oppdage toglinja til Raumabanen som strekk seg innover dalen. Denne togstrekninga er òg velbrukt i film. Harry Potter og Halvblodsprinsen har scener spelt inn her, og det er på taket av dette toget Tom Cruise spelte inn nokre godt dokumenterte slåstescener i forbindelse med Mission Impossible 7.

Her tek slåsshanane Europa si vakraste togreise.
Her tek slåsshanane Europa si vakraste togreise.|© Paramount Pictures
Utsikt fra Nesaksla

Romsdalsgondolen

Romsdalsgondolen er en moderne elektrisk pendelbane som tar deg 1679 meter fra fjorden og opp fjellsiden i Åndalsnes. Norges første gondol bygd på bærekraftsprinsippene.

Vinter på Romsdalsgondolen

Eggen Restaurant

Velkommen til Eggen Restaurant, 708 meter over havet på toppen av byfjellet Nesaksla over Åndalsnes. Ta Romsdalsgondolen opp til toppen.

Trollstigen

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen

Opplev Norges fremste attraksjoner! Den dramatiske Trollstigen slynger seg opp den bratte fjellsiden gjennom 11 hårnålsvinger, og kan ta pusten fra noen og enhver.

Her finn du overnatting i Rauma

Ein roleg fjord

Også det avsidesliggande kan lokke. Eit godt eksempel på dette finn du i Hjørundfjorden og den vesle bygda Sæbø, kor Black Widow er spelt inn.

I filmen er agent Natasha Romanov (Scarlett Johansson) «off the grid», altså ho har gått i dekning. Kva funkar då betre enn å putra rundt i ei ferje i ein bortgøymd fjord på Sunnmøre?

I nokre hektiske dagar i 2019 var Sæbø fylt opp av trailerar, campingbilar og plasttelt. Det myldra av produksjonsfolk og pressefolk som ville få eit glimt av filmstjerna.

Innimellom alt dette fann du Mats Riise. Han fekk nærkontakt med heile spetakkelet då butikken han jobbar i var innspelingsstad for hovudpersonens handletur. Bilete pressa tok av Scarlett Johansson utanfor butikken har blitt populære å gjenskape for bygdas turistar.

Riise fortel at det allereie uka etter innspelinga var ei mor og ein son som hadde køyrd i sju timar for å ta bilete utanfor butikken.

Det er vanskeleg å seie om nokon kjem hit på grunn av filmen, eller om det berre er noko å artig å gjere når dei først er her. Riise latar til å tru det siste:

– Vi er ei roleg bygd i utgangspunktet. Dei som kjem hit er her for fiske og fjell, men nokre ungdommar synest kanskje besøket på Sæbø er blitt hakket meir spennande.

Hjørundfjord in winter
Dei taggete og steile Sunnmørsalpane speglar seg i Hjørundfjorden. Tenk å sjå noko så vakkert to gonger.|© Håvard Myklebust

Her kan du overnatte i Hjørundfjorden

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Nordvest.

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Det lille koselige hotellet på Sæbø ved Hjørundfjorden. For store opplevelser midt i de mektige Sunnmørsalpane.

Christian Gaard Bygdetun in Trandal

Christian Gaard Bygdetun in Trandal

Christian Gaard Bygdetun på Trandal ved Hjørundfjorden, har vorte kjent for den flotte huska. Men her får du også overnatting, servering og båtskyss.

Union Øye

Union Øye

Det fortryllende hotellet ved fjorden.

Frå inst i fjorden til ytst i havet

Det kan jo verke som det mest dragande med det norske landskapet er fjordar og fjell. Men også havet har filmmagi å by på.

Litt nordover og vestover i fylket, finn du nok ein av Noregs berømte vegstrekningar: Atlanterhavsvegen.

Den største produksjonen her ute var for James Bond-filmen No time to die, blant anna med den klassiske Bond-bilen Aston Martin. Spektakulære vegar for ei heftig biljakt!

Men her trengst ikkje høg fart for å kjenne på sug i magen. På dei store og små bruene mellom holmane med storhavet rett inn, må du heller jobbe med inntrykka enn å trykke inn gassen.

Atlanterhavsvegen
Atlanterhavsvegen - verdas finaste bilreise.|© Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
Alanterhavsveien solnedgang

Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen

Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen er en unik veistrekning som fører deg helt ut i storhavet.

Håholmen Havstuer

Håholmen Havstuer by Classic Norway Hotels

Håholmen er en øy ved Atlanterhavsveien. Her kan du overnatte i sjarmerende små hus fra 1700-1800 og spise god tradisjonell mat som "klippfisk".

Bergtatt marmorgrotte

Besøk marmorgruvene i Bergtatt

Utforsk de mystiske marmorgrottene på Bergtatt ved Eide. Midt i mellom Atlanterhavsvegen og Molde ligger denne spennende attraksjonen, som bringer deg langt inn i fjellet, du får bli med på en underjordisk flåtetur på krystallklart vann og med marmorfjell som kulisser.

Her finn du overnatting ved Atlanterhavsvegen

Filmfylket

For å nå desse destinasjonane kan du starte i kva ende du vil av fylket: Ålesund i sør, Kristiansund i nord, eller du kan reise til Molde i midten. Åndalsnes kan du til og med kome til med tog! Uansett kvar du er, vil du ikke vere langt unna ein slik stad som har tatt pusten frå både produsent og publikum!

Filmlokasjonar i Møre og Romsdal
Filmlokasjonar i Møre og Romsdal|© Peil AS
  1. Atlanterhavsvegen: James Bond og Succession
  2. Åndalsnes / Rauma / Trollstigen: Succession, Harry Potter, Mission Impossible, Black Widow, Troll
  3. Valldal / Gudbrandsjuvet: Succession, Ex Machina
  4. Sæbø / Hjørundfjorden: Black Widow
  5. Hellesylt: Mission Impossible
visitalesund.no
visitnorthwest.no

Alt mellom bakkar og berg ut med havet

Møre og Romsdal er verdenskjent for sin spektakulære natur. Hit kommer både Hollywoodregissører, backpackere, nyfødte og hundreåringer. Her får du en oversikt over noe av det du kan oppleve.

Finn ut mer

Related articles

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Bli med på ei vandring gatelangs i jugendbyen og oppdag den unike arkitekturen i Ålesund.

To adrenalinfylte dager i Åndalsnes

To adrenalinfylte dager i Åndalsnes

Fotturer, kjente attraksjoner og kortreiste delikatesser lokker både adrenalinsøkende og matglade ferieentusiaster til Åndalsnes. Bli med på en todagerstur til tindehovedstaden.

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Spektakulære fjellveier, ikoniske broer og naturopplevelser som tar pusten fra deg. Opplev Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Geiranger, Aursjøvegen, Runde og andre skjulte perler langs fjorder, i havgapet og tett på fjellene.

Raumabanen: Europas vakreste togreise

Raumabanen: Europas vakreste togreise

Ta tog til Møre og Romsdal med Raumabanen. Toget er inngangsporten til fjordene, fjellene og byene, der det glir gjennom landskapet, og gir deg roen til å ta inn den rå naturen. Det er nok derfor Raumabanen flere ganger er kåret til Europas vakreste togreise av Lonely Planet.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement