Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Ville og velsmakande Valldal

Vår, sommar, haust
Sist oppdatert: 22.05.2025
Hus med torvtak på fjell i Valldal med utsikt over fjorden.
Valldal har mange flotte turmål - Mefjellet er eit av dei.|© Erlend Hjelme - Uteguiden
Valldal har mange flotte turmål - Mefjellet er eit av dei.|© Erlend Hjelme - Uteguiden

Valldal ligg sentralt plassert mellom fleire av Noregs mest kjende attraksjonar – berre ein kort biltur frå Ålesund, Geiranger og Trollstigen. Her finn du eit eldorado av opplevingar, med alt frå eit søtt måltid med jordbær til rå zipline eller rafting i Valldøla.

Frå å kjenne adrenalinet pumpe gjennom kroppen under eit fritt fall i zipline, til å smake solmoden frukt medan fjordbrisen dansar over huda – i Valldal er kontrastane det som gjer opplevinga komplett.

6 måtar å oppleve Valldal på:

  1. Smak på fruktbygda Valldal
  2. Kajakk eller SUP på den fredelige fjorden
  3. Rafting eller juving i Valldøla
  4. Klatring, zipline og rappellering
  5. Yoga og glamping
  6. Sykkel og fjellturar til spektakulære utsiktspunkt

Smak på fruktbygda Valldal

Når du kjem til Valldal og Linge, kjem du til nokre av dei fremste fruktbygdene i Noreg. Det unike fjordklimaet, med lange og lyse sommardagar, gir søt og saftig frukt med ein smak du sjeldan gløymer. Jordbæra frå Valldal er legendariske – intense på smak og sakte modne. Men det er ikkje berre jordbæra som trivst i dei solrike liene. Her veks også bringebær, plommer, eple og pærer.

Valldal er ei frodig og fargerik bygd både vår, sommar og haust. Frå romantisk fruktblomstring om våren, søte jordbær om sommaren og bugnande epletre om hausten.

Besøk gjerne Lingebakken gardsutsal og smak på sesongens frukt, juice eller sider. Her har det vore dyrka frukt og bær i generasjonar, og meir kortreist smaksfyrverkeri får du ikkje. Dersom du bestiller på førehand, kan du også få bli med på sidersmaking.

Enten du kjem i jordbærsesongen eller under eplehausten, er smakane frå bygda eit perfekt avbrekk frå alt det elleville.

Elida og Peje står mellom blomstrende frukttrær hos Lingebakken

Lingebakken gardsutsal i Valldal

På Lingebakken får du kjøpt eigenprodusert sider, most og frukt, alt etter kva som er i sesong.

Storfjorden iskrem
Iskrem med jordbær og bringebær frå Valldal.|© Storfjord Iskrem/ @monanordoy

Kajakk eller SUP på fjorden

Nyt ein blikkstille fjord der fjellsidene speglar seg – og høyr fossane som brusar. Frå både Valldal og Tafjord kan du bli med både Uteguiden og Ræin på guida kajakkturar med ulike lengder, samt kajakkurs om du vil lære meir om teknikk og redning. Vil du prøve deg på SUP (Stand up paddle board) so kan du få magiske opplevingar med Ræin på den fredfulle UNESCO-verdsarvfjorden Tafjord.

Opplev Norddalsfjorden og UNESCO-fjorden Tafjord i kajakk.
Opplev Norddalsfjorden og UNESCO-fjorden Tafjord i kajakk. | © Uteguiden
Kajakktur ved foss i Tafjorden.

Guida familietur i kajakk på Tafjorden med Ræin Adventures

Opplev den storslåtte UNESCO verdsarvfjorden Tafjord på ein fire timars kajakktur tilpassa familiar, vennegjengar og private grupper.

Kajakkpadling i Valldal

5-timers guida fjordtur med kajakk i Valldal

Fin og opplevelsesrik 5 timers guidet fjordtur i Valldal. En bestselger hos Uteguiden!

Kajakktur i Valldal på stille fjord med Uteguiden

Familietur i kajakk med Uteguiden i Valldal

Bli med på ein trygg og fin familietur i kajakk på den fredelege fjorden i Valldal. Ei oase like ved Trollstigen, Geiranger og Ålesund.

Kajakktur i Tafjorden og ved fossen Slufsa.

Tafjorden Explorer - guida kajakk- og fottur på Tafjorden

Guida kajakk- og fottur med Ræin Adventures på den ukjente verdsarvfjorden Tafjorden, som er ein del av Geirangerfjorden verdsarvområde.

Rafting eller juving i Valldøla

Om du vil prøva juving, kan du hoppe i det blågrøne vatnet ved Gudbrandsjuvet og kjenne blodet bruse av glede. Her er du omringa av kulissene rundt Juvet Landskapshotell, der HBO-serien Succession ble spelt inn, samt storfilmen Ex Machina. Eller kva med å rafte ned elva Valldøla? Her finst spennande og morosame stryk for både familien og deg som søker eit skikkeleg adrenalinkick.

Juving handlar om å ta seg gjennom eit elvejuv, og det kan gjerast på ulike måtar.
Juving handlar om å ta seg gjennom eit elvejuv, og det kan gjerast på ulike måtar. | © Uteguiden
Juving i Valldal

Juving i Valldal

Bli med på en unik løype som byr på balansering på tau, hopping ned i juvet, klyving, zip-line og svømming!

Rafting i Valldal

Familierafting i Valldal

Elven Valldøla er perfekt for rafting. Delen av elven som har familieraftingen er på et roligere strekke i elven.

Rafting i Valldal

Rafting i Valldal med Uteguiden

Bli med på en 11 km lang raftingtur med spektakulær natur, opplevelser og actionfylt spenning. 

Klatring, zipline og rappellering

Klatreparken ligg idyllisk til langs elva i Valldal. Her finn ein små og store ziplines, leikeapparat, hoppeputer og andre hindringar med ulike vanskegradar. Parken er open kvar dag midt på sommaren og i helgene på våren og hausten. Er du glad i høgder kan kanskje dette vere midt i blinken. Prøv familieklatring i Fjøra med Uteguiden, eller rappellering ned Zachariasdammen saman med Ræin og Ville Krefter. I Fjøra, knappe 5 minutt frå Valldal, kan ein også vere med på ein guida grottetur.

Person tar zipline over elva i Valldal Aktivitetspark.
Små og store utfordringar for heile familien|© Valldal Aktivitetspark
Person i klatrenettet i parken.

Valldal Aktivitetspark

Aktivitetsparken mellom Valldal og Trollstigen kan freiste heile familien med klatreløyper, lange zip-lines, hoppeputer og hoppeslott.

Klatring, rappellering og grottetur i Valldal

Klatring, rappellering og grottetur i Valldal

Denne turen gir en unik kombinasjon av utfordring, spenning og mestringsfølelse, hvor du får prøvd hele tre aktiviteter i en tur.

person står på toppen av Zakariasdammen og skal rapellere ned 60 meter

Rappellering og Via Ferrata på Zakariasdammen

Velkommen til ett av Norges råeste rappeller, en aktivitet som både gir store naturopplevelser og mestring! Den 100 meter høye Zakariasdammen i Tafjord er en av Norges høyeste organiserte rappeller.

Yoga og glamping

Midt i fruktbygda finn du Meretes Garden – eit lite pusterom med glamping, yoga og badstue. Her kan du bu i glampingtelt ved elva, delta på yoga i eit drivhus med utsikt til ein japansk hage, ta eit bad i vedfyrt sauna og finne balansen i vakre omgjevnader. Perfekt for deg som vil kombinere Valldal-eventyret med ro og velvære.

Glampingtelt Meretes garden
Tenk å sovne til elvesus i eit glampingtelt, og gjere morgenyoga når du vaknar. | © Meretes Garden
Yogatime inne i drivhuset hos Meretes Garden

Meretes Garden - yoga, spa & retreat

Gjennom mindfulness, yoga og badstu, vil Merete ynskje deg velkommen til aktivitetar for kropp og sinn heile året.

6) Sykkel og fjellturar til spektakulære utsiktspunkt

Opplev Trollstigen frå Trollstigplatået – med bil eller på el-sykkel med Uteguiden. Her kjem du tett på både ingeniørkunst og natur. Bli med på guida fjellturar på ulike nivå som er tilpassa både små og store. Kanskje vil du oppleva Mefjellet eller Tafjordfjella. I tillegg til spektakulære og trygge opplevingar, veit ein guide om dei beste plassane for både fotostopp og matpausar. Og så får du gode historier med på kjøpet. Les meir her om korleis du kjem deg til Trollstigen og Trollstigplatået>>

Trollstigen utsiktspunkt og de svingete veiene omkranset av fjell.
Sjå det dramatiske landskapet frå Trollstigplatået | © Haakon Lundkvist/visitnorthwest.no
Sykkel- og fjelltur med Uteguiden i Valldal

Sykkel- og fjelltur med Uteguiden i Valldal

Opplev Valldal med el-sykkel og til fots på en guida tur gjennom fjell- og fjordlandskap. En perfekt tur med smak av lokal mat og historie.

Fjelltur

Fjellturer med lokal guide fra Uteguiden

Opplev et fantastisk landskap med høye fjell og dype fjorder med utgangspunkt i Valldal. Området rundt Valldal er et eldorado for fjellturer til topper, gamle støler og fantastiske utsiktspunkt.

Guidet fjelltur for familien til Ruggå og Nysætra i Valldalen

Guidet fjelltur for familien til Ruggå og Nysætra i Valldalen

En familietur med fantastisk utsikt. Turen er enkel, og du får oppleve fjord og fjell i eit magisk landskap.

Sykkel med Uteguiden i Valldal

Utleie av sykler hos Uteguiden i Valldal

Hos Uteguiden i Valldal kan du leie sykkel og oppdage Valldal, Tafjord eller Trollstigplatået fra sykkelsetet!

Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark

Tafjordfjella ligg i Reinheimen Nasjonalpark – villreinens sitt rike. Her finn du eit stort rutenett og populære turistforeiningshytter i Tafjordfjella. Eksempelvis Reindalseter med sine 76 sengeplassar. Med ein god naturguide frå til dømes Ræin eller DNT, vil du få gode historier om alt frå den unike geologien til spektakulære hendingar som skjedde i fjella under andre verdskrig. Eller kanskje du vil vandre aleine, utan mål men med masse meining. Når du kjem ned att til fjorden, anbefaler vi eit besøk på Kraft- og Skredsenteret Ville krefter. Her kan du blant anna lære om skredkatastrofen kjend som Tafjordulykka.

Person sitter på fjellet Heggura og ser på utsikta innover tafjorden og Tafjordfjella
Utsikten innover UNESCO-fjorden Tafjord og Tafjordfjella.|© Ida Katrine Knutson Eriksen

Tips til overnattingsstadar i Valldal

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Valldal Fjordhotell by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell ligger midt i Valldal sentrum kun få meter fra den utløpet av den lakseførende elva Valldøla. 

Sylte Hotell

Sylte Hotell

Bli kastet bak til det sene 1800-talet midt i sentrale Valldal! Her får du en atmosfære av et over 100 år gammelt hotell med spennende historie og med full moderne komfort og gode lokale råvarer på menyen.

Valldal Fjord Lodge

Valldal Fjord Lodge

Valldal Fjord Lodge ligger i sentrum av Valldal, et uformelt sted hvor du kan lade batteriene gjerne over flere dager.

Fleire overnattingsstadar i Valldal
Attraksjonar i Valldal
visitalesund.no

Finn inspirasjon til fleire opplevingar

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Spektakulære fjellveier, ikoniske broer og naturopplevelser som tar pusten fra deg. Opplev Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Geiranger, Aursjøvegen, Runde og andre skjulte perler langs fjorder, i havgapet og tett på fjellene.

Utsiktene som tar pusten fra deg

Utsiktene som tar pusten fra deg

Ta innover deg hvordan sjøsprøyten fra storhavet treffer Atlanterhavsveien eller synet av de fargerike gatene i Ålesund. Kjenn suget i magen når du snirkler deg ned Trollstigen og la deg fascinere av hvordan husene klamrer seg fast i fjellet langs fjorden i Geiranger.

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden er ein av Noregs mest kjende naturattraksjonar, og strekk seg 15 km mellom Hellesylt og Geiranger i Stranda kommune.

Stort rom for ro og råskap

Stort rom for ro og råskap

Fjordane ventar på deg i Nordvest. Mellom fjordane i Møre og Romsdal finn du høge toppar, holmar og hav, søte jordbær, dyktige guidar og artige aktivitetar både for deg som er svolten på opplevingar, og deg som vil bli mett på lokal mat og rolege sommardagar.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement