Fjord, fjell, hav, øyar, isbre, lokalmat, historie, baroni, festivalar, vikingtid, toppturar, sykling, kajakk – dette er berre noko av det du kan oppleve i Sunnhordland.

I Sunnhordland kan du nemleg gå på ski i evig snø, bada i sjøen, fiska aure i elva og sei på fjorden – på ein dag! Du kan nyte mat av førsteklasses kvalitet og få med deg ei natur- eller kulturoppleving som set spor.

Her kan du roa ned frå stresset i kvardagen. Du kan samla ny energi ved å nyta vakker havutsikt, eller få opp pulsen på tur til ein av dei mange fjelltoppane regionen har å by på.

Sunnhordland er også eit eldorado for båtfolket og deg som likar å fiske. Fleire av gjestehamnene har gått av med seier i kåringa «Norges beste gjestehamn». Er du heldig finn du deg di eiga øy!

Velkommen til Sunnhordland!

An icon of trees

Finn roen eller få opp pulsen – utforsk Sunnhordland

La deg inspirere av Sunnhordland og set saman ferieturen du ønskjer deg. Vinter, vår, sommar eller haust – kvar årstid byr på fantastiske moglegheiter.

Overnatting og mat i Sunnhordland

Velkommen til kulinariske opplevingar og flotte overnattingar i Sunnhordland! I Sunnhordland finn du historiske hotell, sjarmerande hotell ved fjorden, rorbuer, hytter og feriehus ved fjorden eller i kystlandskapet. Dersom du kjem med bubil eller telt finn du også mange idylliske stader for overnatting. Sunnhordland har eit eldorado av hamner og gjestehamner for båtar og seglbåtar. Du kan planleggje ein lang ferie og reise frå gjestehamn til gjestehamn for å utforske øy- og fjordriket. Regionen er ikkje berre det største sjømatområdet i Norge, den har også fantastiske sjømatrestaurantar med blant andre verdsmeisterkokken Ørjan Johannessen. I tillegg finn du sjarmerande gardsrestaurantar der du får lokalprodusert mat. På nokon får er det også gardsutsal der du kan kjøpe lokalmat.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.

#visitsunnhordland

Følg oss

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram