Ei stormfull vinternatt i 1904, vart Ålesund råka av ein dramatisk brann som la heile byen i aske, og meir enn 10000 menneske vart huslause. På rekordtid vart Ålesund gjenreist i ein særeigen variasjon av jugendstil av unge arkitektar og handverkarar. Dette ga byen eit einsarta arkitektonisk uttrykk, og Ålesund har i dag den største samanhangande konsentrasjon av jugendstilbygningar i Noreg.
Jugendstilsenteret i hjertet av Ålesund er eit nasjonalt kompetansesenter for jugendstil. La den artige tidsmaskina der ta deg tilbake til 1904 og lev deg inn i denne spennande tida i norsk historie. Gjenopplev den dramatiske bybrannen i 1904 der 10 000 menneske vart heimlause, og sjå den berømte jugendstilen som har gjort Ålesund til ein av dei vakraste hamnebyane i Europa.
Løft blikket!
Vend blikket oppover medan du utforskar byen og du vil oppdage jugendstilens mangfoldige uttrykk. Her finn du innslag av den tyske jugendstilen med elegante organiske linjer og asymmetri, kvaderstensbygningar med inspirasjon frå amerikansk arkitektur og nasjonalromantiske detaljar frå stavkirkearkitekturen. På Jugendstilsenteret kan du lære mer om historia og jugendstilen.