Hopp til hovedinnhold

Våren markerar slutten på vinteren, og starten på sommaren. Tida vi vaknar sakte med sikkert opp frå dvale og produsera serotonin i hjernen som vil gje oss ein unik form for lykke. Tida der havblikk, måseskrik, store fossefall og fargesprakande solnedgangar er berre noko av det du kan glede deg over.

Har du alltid drøymt om å sovne til bølgebrus, elva so sildra og fuglekvitter?

I Fjordkysten og Sunnfjord finn du fort kvilepulsen, omgitt av mektige naturopplevingar, sjarmerande overnattingstader og eit landskap som vil ta pusten frå deg!

Vårspiring i havbotn

Etter ein lang vinter kjem våroppbloming av planteplankton i havet. Planteplankton, havets gras, er mikroskopiske eincella algar som danna grunnlaget for alt anna liv i havet. Oppblomstringa av planteplankton skjer på vannoverflata, men stikk du hovudet litt lenger ned i sjøen kan du blant anna sjå dei ulike tareartane i full gang med spiring av nye blad.

FjordKysten & Sunnfjord byr på fantastiske forhold for dykking. Stor artsrikdom, spennande dykketerreng og mange vrak å dykke ved gjer at dykkarar frå heile verda tar turen til regionen.

Prøv fiskelykka i Fjordkysten & Sunnfjord

Fjordkysten & Sunnfjord er eit eldorado for sports- og hobbyfiskarar. Her kan du fiske både i sjø, elv og vatn. Fiske har alltid vore viktig for øysamfunna langs kysten. Her fins det framleis tradisjonelle fiskevær og øyar der fiske er den viktigaste inntektskjelda for innbyggjarane. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar.

Fiske med stand og handsnøre i sjøen er fritt for alle, og her kan du få dei fleste fiskeartar som finst i sjøen i Noreg. Innan ein times radius frå Førde finn du hundrevis av fiskevatn og eit titals elver. Her ligg også dei flotte lakseelvene Nausta og Gaula.

Eit av Europas beste fiskevatn

Jølstravatnet er eit av Noregs beste fiskevatn, og her er det mogleg å fiske med stang heile året. Er du aurefiskar, skal du leite lenge etter meir bitevillig aure enn her. Hugs fiskekort for å fiske i elv og vatn! Fiskekort kan ein óg kjøpe hjå turistvertar, butikkar og bensinstasjonar i kommunen.

Padle i "Norges Venezia"

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på! Oppdag øyriket med holmar, skjer, lune viker og kvite strender.

Ein kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet – ofte omtala som «Norges Venezia». Med eit mylder av små og store øyar, holmar og skjer er dette området som skapt for padling.

Padle mellom kvite strender og stupbratte fjell

I Måløy kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev gamle handelsstader og eit rikt dyreliv.

Guida tur til Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer

Padle mellom ville natur og breer på Kjøsnesfjorden. Kvåleskajakk tar deg med på guida turar. Har du ikkje våttkort? Ta introkurs eller grunnkurs slik at du kan padle på bølgane blå.

På land kan du boltre deg i mektig og urørt natur

Skyfri himmel, våryr og frisk luft vil lokke deg ut i skog og mark. I Fjordkysten og Sunnfjord har du eit stort utval av fjell- og fotturar heile året, frå ei rekke spektakulære toppturar til fotturar i lett terreng. Nyt utsikta over eit mylder av øyar, høge fjell, brear og langstrakte fjordar. Merka stiar gjer det enkelt å finne fram, og du kan velje ruter i alle vanskegrader.

Ta med deg sykkelen på øyhopping

Det er ingen hemmelegheit at våren kjem fortare til kystområda enn i innlandet, og om våren vil du få dei beste sykkelopplevingane. Då kan du sykle mellom eit mylder av øyar, holmar og skjer på lite trafikkerte vegar. Ferjer og båtar fraktar deg mellom øyane, og er ei oppleving i seg sjølv. Det er også flotte forhold for sykling på fastlandet, og her kan du kombinere sykkeltur med spanande kulturopplevingar.

Dei vakraste fossane finn du i Sunnfjord

Om våren er fossane i Sunnfjord ekstra store, ville og praktfulle. Temperaturen stig, og snømengda som har samla seg gjennom vinteren smelta. Sunnfjord byr på mange ville, vakre og spektakulære fossar i rå natur, og du kan kjenne naturkreftene på nært hald.

Huldefossen

Skap gode minner for heile familien

Om våren er det flott å bruke naturen og oppdage gleda i aktivitetar som det å gå tur i lag, fiske, eller ta ein tur på stranda for eit forfriskande vårbad. Gardsbesøk med lokale dyr er alltid kjekt for store og små. Kva med å besøke Norsk Hjortesenter på Svanøy der du kjem tett på hjorten?

Heile familien storkosar seg på hytteferie. God plass og rolege dagar med turar til fots eller på sjøen i nærområda er balsam for sjela for liten og stor.