1. Refviksanden
Refviksanden er ei av dei finaste strendene i Norge, med mjuk, kvit sand og ope hav så langt du kan sjå. Her kan du bade, eller berre nyte stillheita og den friske havlufta.
Opplev ei krittkvit skjelstrand, besøk populære Kråkenes fyr, eller vandre i gatane i Måløy. Vi gir deg topp 10 ting å gjøre i Måløy
Refviksanden er ei av dei finaste strendene i Norge, med mjuk, kvit sand og ope hav så langt du kan sjå. Her kan du bade, eller berre nyte stillheita og den friske havlufta.
Ønskjer du ei roleg oppleving på stranda, kan du bli med på yoga i saman med Sjøbris Adventure. Lyden av bølgene, og den friske lufta i kombinasjon med gode øvelser for kropp og sjel gir ei heilt spesiell ro.
Den karakteristiske Kannesteinen er forma av bølger gjennom tusenvis av år, og er eit av dei mest fotograferte naturfenomena på Vestlandet.
Like ved Kannesteinen ligg Vågsberget, eit historiske handelsstad som gir eit spennande innblikk i kystkulturen.
Lengst ute i havgapet ligg Kråkenes fyr, der du verkeleg får kjenne kreftene frå storhavet. Kråkenes er ein spektakulær stad året rundt, enten sola skin eller stormen står på
Når du først er ute og utforskar, bør du også ta turen til dei andre fyra i Vågsøy. Skongenes fyr, Ulvesund fyr og Hendanes fyr har alle si eiga historie og unik plassering i landskapet.
Fleire av attraksjonane rundt Måløy ligg perfekt til for ei aktiv oppleving på to hjul. Med elsykkel kjem du deg enkelt fram mellom strender, fyr og utsiktspunkt utan å måtte tenkje på lange avstandar. Du kan leige sykkel hos Måløy Adventure
Å padle kajakk langs kysten gir deg eit heilt nytt perspektiv på landskapet. Med guide frå Sjøbris Adventure kjem du tett på både natur og dyreliv i trygge rammer.
For dei eventyrlystne er coasteering ei oppleving utanom det vanlege. Her kombinerer du klatring, hopping og symjing langs den rå og vakre kystlinja
Måløyraidsenteret fortel historia om ein av dei mest dramatiske operasjonane i Norge under andre verdskrig. Ei sterk og lærerik oppleving for både store og små.
Kombiner eit forfriskande sjøbad med varm sauna, ei perfekt blanding av velvære og natur. Sauna har blitt ei populær oppleving for både tilreisande og fastbuande.
Måløy og Vågsøy byr på mektig utsikt ovanfrå også. Frå fjellturar som Veten, eller dagsturhytta Kletten får du nydeleg utsikt over hav, øyar, fjell og by. Dagsturhytta er ein lett tilgjengeleg og fin tur for heile familien.
I dei siste åra har Måløy blitt kjent for sin flotte gatekunst som representera kystkulturen i Vågsøy. Det er i dag over 20 veggmaleri rundt om i Vågsøy. Dei fleste av måleria finn du i Måløy, og er perfekt og kombinere med ein vandretur.