Vinterferie på Sunnhordlandstunet
I vinterferien held Sunnhordlandstunet ope tysdag–fredag kl. 11–15. Her kan heile familien oppleve levande historie gjennom spanande utstillingar som Det starta med silda , STOLtinget og tekstilutstillinga.
Ta ein pause i den koselege museumskafeen med nysteikte vaflar, sjokoladekake, kaffi, saft og brus og spel gjerne kort- og brettspel saman.
Vil de ha litt ekstra spenning i vinterferien? Avslutt besøket med deira populære Escaperoom – ei utfordring der de må samarbeide, løyse gåter og finne skjulte spor før tida renn ut.