Hopp til hovedinnhold

Haustfargar, fjelluft og minneverdige opplevingar

Hausten er ei av dei vakraste tidene å reise til FjordKysten og Sunnfjord. Når naturen kler seg i raudt, oransje og gull, blir det den perfekte ramma for ei helg fylt med gode opplevingar – anten du reiser åleine, med vener eller nokon du vil dele noko spesielt med.

Hausten kan kjennast på så mange måtar – frisk luft i fjella, varme fargar i naturen, eller rolege stunder ved sjøen med god mat og drikke. Når naturen kler seg i raudt, oransje og full, blir det den perfekte ramma for ei helg fylt med gode opplevingar - anten du reiser åleine, med vener eller nokon du vil dele noko spesielt med.

Korleis kjennes hausten ut for deg?

I Fjordkysten og Sunnfjord finn du både spektakulær natur, utallige fjellturar, lokalmat og overnattingar som gir deg meir enn berre ei seng å sove i. – perfekt for par, vener eller åleine-reisande som søker ekte opplevingar for ei helg.

Ein person går langs Fossestien. Naturen har fått haustfargar i raudt og oransje. Foto

Skap di eiga perfekte helg

I tillegg til ferdige, nøye samansette pakkar, kan du også setje saman di eiga helg. Vel mellom unike overnattingar, smakfulle måltid og aktivitetar – og lag kombinasjonen som passar best for deg og reisefølget ditt.

Overnatting som er ei oppleving i seg sjølv

Når du planlegg ein helgetur, start med det viktigaste: kor du skal bu. Det å sove godt – og vakne til noko heilt spesielt – er halve opplevinga. I FjordKysten og Sunnfjord kan du velje mellom alt frå budsjettvenlege alternativ til unike opplevingar som du kjem til å hugse lenge.

Her kan du vakne til bølgjeskvulp på eit havhotell, kjenne stilla i ei lita designhytte, eller sjå stjernehimmelen frå ei spektakulær Birdbox. Du kan bu på eit sjarmerande gardshotell omgitt av haustfarga landskap, eller sjekke inn på ein gjesteheim eller eit leilegheitshotell med kort veg til både natur og aktivitetar.

Uansett kva du vel, får du ein perfekt kombinasjon av natur og komfort – ideelt for deg som vil dele noko unikt med vener, eller berre senke skuldrane og nyte roen.

Skjulte perler og små augeblikk

FjordKysten og Sunnfjord er ein skjult skatt – eit av dei stadene du nesten vil halde for deg sjølv. Her kan du oppleve mykje, utan å stå i kø. Omringa av stilla og stor natur kan du padle mellom små øyar, fiske, eller sykle gjennom fargelagt landskap.

Ein person syklar langs landevegen. Det er granskog innerst i bukta, ellers er det lite vegetasjon. Foto
© Lillian Herland

Reis på gardsbesøk hos Indrefjord Gard

Her kan du oppleve ekte gardsliv og variert hesteaktivitet – frå guida rideturar i vakker vestlandsnatur, til ridetimar med fokus på meistring, rideglede og utvikling. For den som vil ha noko heilt spesielt, kan du bli med på ei ekte western-oppleving og kjenne cowboykjensla på kroppen.

Treng du påfyll på ein annan måte, finn du kunst- og museumsopplevingar – alt i eit tempo der det er rom for å kjenne etter.

Kanskje avsluttar du dagen i ein varm sauna, med blikket vendt mot havet eller elva som senker skuldrene dine. Det er i slike stunder du kjenner kor godt det gjer å berre vere her.

Nyt haustnaturen – på fjell, sti og langs kysten

Kvar einaste sti, topp og utsiktspunkt blir ekstra magiske når haustfargane smyg seg over landskapet. Ta på turskoa og legg ut på ein fjelltur der du får kjenne på frisk luft og haustens ro. Vel ein tur som passar for alle, eller utfordre deg sjølv på meir luftige toppar.

Det er god plass – og mange alternativ. Her er det lett å finne både ro og påfyll i same oppleving.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Lokale smakar og lun stemning

Hausten er høgsesong for gode smakar. Etter ein dag ute kan de setje dykk til bords på ein restaurant som serverer kortreist mat med dei beste råvarene. På Værlandet Gjesteheim kan gjestane nyte fersk krabbe – eit ekte smaksmøte med kysten.

Stikk innom ein kafé med fersk bakst, og noko varmt i koppen. Her finn du lune møteplassar for både den gode samtalen og stille stunder.

Rom for det gode liv – akkurat slik du ønskjer det

FjordKysten og Sunnfjord gir deg det beste frå to verdar: aktive dagar ute, og rolege kveldar inne. Her får du storslått natur, ekte kulturarv og varme møter med lokalbefolkninga.

Hausten er ein invitasjon. Til å senke tempoet, og oppdage det vakre i det enkle.

Dette er haustens reisemål

Hausten er ei tid for å senke tempoet, nyte fargane og kjenne den klare lufta i kinnet. Korleis kjennes hausten ut for deg? Kanskje som eit eventyr i fjella, ei smakfull oppleving av lokalmat, eller stille dagar ved kysten. Fjordkysten og Sunnfjord er eit reisemål som gjer rom for alt dette – og meir til.

Finn ut mer

Related articles