Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Toppattraksjoner

Topp 10 ting å gjøre i Solund

Vår, sommar, haust, vinter
Sist oppdatert: 10.04.2025
To kajakker i solnedgang foran Lågøystolane
© Magnus R. Furset
© Magnus R. Furset

Øyriket Solund er med sine 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Lurer du på kva du kan gjøre i Solund? Her kjem vår toppliste

1. Øyhoppingsparadiset Solund

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Opplev dei vestlegaste øyane i Norge og kom tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øy-samfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskeværet Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går i retur til Hardbakke

Lundsholet

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

2. Kajakk

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute og padla?

NKKA ved Sognefjord Active tilbyr guida kajakk turar og kurs i denne spektakulære kystnaturen.

Kajakk i solnedgang i blikkstille hav
© Visit FjordKysten

Bli med å padle med Sognefjord Active

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Kystkulturpadling i Solund - Sognefjord Active

Kystkulturpadling i Solund - Sognefjord Active

Bli med på kystkulturpadling frå Hardbakke. Her kan du lære meir om lokalhistorie, geologi og dyreliv

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Sognefjord Active vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur.

Kajakk kurs - Sognefjord Active

Kajakk kurs - Sognefjord Active

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på.

3. Fyrsafari til Utvær

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn Utvær. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet - lengst vest i Norge. Fyrtårnet på Utvær ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen. I fleire tiår har den vert det første synet av land for dei som nærmar seg den norske kysten om natta.

Og du? Visste du at Utvær fyr er motivet på den nye 50-krone setelen?

Utvær fyr i Solund
© Vegard Vike Engum
Velkomen til Utvær - Noregs vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet

Fyrsafari til Utvær

Opplev Norges vestlegaste fyr på Utvær. Staden har eit historisk sus og ein fasinerande natur ytst i havgapet. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari til Utvær.

4. På sykkel i Solund

I Solund er det flotte forhold for sykkelturar. Ta med deg sykkelen på øyhopping. Ferje og båtar frakter deg mellom øyane og er ei oppleving i seg sjølv. Sykle nordover langs det idylliske Liasundet. Passer dei idylliske grender og sjå sola gå ned i havet utover Lågøyfjorden. Frå Hardbakke kan du sykle vestover til Daløy og ta den sjarmerande ferga til Haldorsneset. Frå Haldorsneset kan du sykle sør til Nåra. Stopp innom Hjønnevåg og spis lunsj på Havkroa. Kafeen er ope om sommaren.

© Lillian Herland
Les meir om sykling i Solund

5. Pollatinden

Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som Dronninga av øyriket. Om det er det faktum at fjellet er det nest høgste fjellet i kommunen som er opphavet til dronningnamnet, eller det at Dronning Sonja har fleire gonger gått opp på fjellet veit ingen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg. Turen tar ca. 2-3 timar tur/retur.

en jente står med handa opp i lufta på eit fjell. bak ho er flott utsikt over kyst og fjell. det er haustlige fargar på fjella.

Pollatinden

Eit fjelleventyr i havgapet! Pollatinden i Solund gir deg 541 meter med mektig utsikt over dei vestlegaste øyane i landet.

6. Ramnenipa

Med sine 232 moh har Ramnenipa ein fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Løypa har grøn gradering og passar til både born og vaksen. Den mest brukte vegen er ved fotballbana på Hardbakke. Frå butikken går du opp Storehaugen og gjennom gaten til du kjem ut på ein grusveg. Her tar du til venstre og går langs med fotballbana. Her finn du ein sti som tar deg heilt opp på fjellet. Turen tar ca. 1 time opp og ned og du kan gå opp eller ned frå sør og nord sida.

© Lillian Herland
Fjelltur til Ramnenipa frå Hardbakke

Fjelltur til Ramnenipa frå Hardbakke

Frå Ramnenipa på Hardbakke får du fantastisk utsikt over kommunesenteret, kysten og dei nærliggande øyane. Flott fjelltur som passar fint for heile familien

7. Ytre Sula

Nesten heilt ytst i kommunen ligg øya Ytre Sula, den nest største av øyane i Solund. Utanfor ligg den vêrstride Straumsfjorden, og endå lengre ute ligg øysamfunna Husøy, Nautøy, Indrevær og Utvær. I Ytre Sula finn du små, idylliske grendesamfunn; Kolgrov, Straumen, Hjønnevåg, Ytrøygrend, Kverhella, Trovåg og Nåra.

I Ytre Sula kan du bu på Solund Rorbuferie, og nyte god mat på Havkroa. Her er og daglegvarebutikk på Nåra.

Konglomerat og veg
© Visit FjordKysten

8. Sognesjøhytta

Vandre til Sognesjøhytta som ligg sør for Hardbakke. Nyt eit flott utsyn over Sognesjøen, om lag 15 meter over havet. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Nærme dagsturhytta er ein liten, skjerma våg der kajakkar lett kan legge til.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund heiter Sognesjøhytta og ligg 15 moh. Dette er ein fin tur som passar for heile familien

9. Villsausafari

Opplev den fascinerande historia om den gamalnorske sauen, også kalla villsauen – ein direkte etterkomar av vikingtidas sauer. På denne turen kjem du tett på dei frittgåande villsauene, medan du lærer om livet på øyane både før og no. Du får besøke dei robuste sauene som har levd side om side med kystfolket i over 5000 år, og høyre korleis dei saman har halde landskapet og lyngheiene i hevd gjennom generasjonar.

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Villsausafari i Solund med Sognefjord Active

Bli med på ei heilt spesiell reise gjennom det særeigne kystlandskapet i Solund! Møt dei frittgåande villsauene og lær korleis lokalsamfunnet har skapt eit sentrumsnært villsaulag – ein levande del av naturen som held kulturlandskapet i hevd.

ein sau står i front og ser inn i kamera. bak sauen står det ei dame og ein mann. det er i ufokus.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

10. Draumeparken diskgolfdestinasjon

Velkomen til Draumeparken Diskgolfdestinasjon, eit heilt spesielt reisemål for deg som elskar diskgolf – eller har lyst til å prøve for første gong. Her finn du to flotte baner: Draumeparken 22-holsbane, ei profesjonell bane som vert nytta til turneringar, og Idrettsparken 9-holsbane, ei nybyrjarvenleg og sosial bane som passar for både familiar, barn og dei som berre vil ha ei hyggeleg runde.

person ser på eit kart over diskgolf
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Likar du å fiske er Solund rette staden

Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekt for sjøfiske, året rundt. Her kan du fiske makrell, sei, torsk, hyse, lange, krabbar og kreps. Om du kastar snøret djupt nok kan du også få kveite eller breiflabb på kroken. Det er fleire plassar der ein kan leige båtar.


Er du på jakt etter overnatting i Solund? Klikk deg inn her

Finn meir inspirasjon til ting å gjøre i Solund og omegn

På sykkel i Solund

På sykkel i Solund

Ta med deg sykkelen til Solund! Her ute ligg øyane som perler på ei snor, som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar.

Dei beste padleopplevingane Norge har å by på!

Dei beste padleopplevingane Norge har å by på!

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på!

12 drømmesteder for workation på Vestlandet

12 drømmesteder for workation på Vestlandet

Kom deg ut av hverdagen og opplev noe nytt. Bytt ut husarbeidet med det du elsker å gjøre, og kos deg med arbeidsoppgavene dine i en hytte ved skibakken eller havgapet.

Kysten av Sogn og Fjordane - som skapt for eventyr!

Kysten av Sogn og Fjordane - som skapt for eventyr!

FjordKysten og Sunnfjord har ei eineståande kystlinje med tusenvis av øyer, tronge fjordar, kvite strender og mektige fjell. God plass og lite trengsel gir rom for opplading og ny energi.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement