Hopp til hovedinnhold

Så langt vest det er mogleg å kome i Norge ligg det fem livskraftige kommunar; Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Sunnfjord, som samarbeider om å ta vare på og utvikle de lokale natur- og kultur ressursene.

Verdas beste stad å studere ein fjellkjede sin vekst og fall

Der kor fjordane no munnar ut i eit konglomerat av holmar og øyer stod ein gong verdas største fjellrekke, den Kaledonske fjellkjeda. Den var minst like høg som Himalaya, både i høgdemeter og utstrekking. Fjellkjeda er for lengst vekke, tært ned av tidas tann, men den etterlet seg eit variert landskap med mange spor. Innanfor Fjordkystparken sine relative korte geografiske avstandar er det mogleg å observere både korleis denne fjellkjeda vart danna og sidan også vart broten ned. Det seiast at dette er verdas beste stad å studere ein fjellkjede sin vekst og fall.

Fjordkysten Regional- og Geopark er Norges første kombinerte Regional- og Geopark.

Kva er ein Regionalpark?

Føremålet med ein Regionalpark er å skape samarbeid mellom aktørar på ulike nivå, på tvers av ideelle og kommersielle interesser. Arbeidet vert bygd på ivaretaking av regionen sitt landskap, kulturarv og identitet. Lokal forankring og forpliktande samarbeid gjev verdiskaping og utviklingskraft. Dugnadsinnsats og sosial verdiskaping vert utløyst gjennom langsiktige partnarskap, samhandling og medverknad. Slik vert berekraftige produkt og opplevingar skapt på lokalbefolkninga sine eigne premiss

Kva er ein Geopark?

Ein Geopark har geologi som hovudtema og vil knyte formidling og verdiskaping opp mot den geologiske arven i området.

UNESCO Global Geopark

Fjordkystparken er inne i ein prosess om å verte UNESCO-designert innan 2025. Dette er det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon.

Et merkeikon

Les meir om Fjordkysten Regional- og Geopark

Her har vi samlet en rekke artikler skrevet av personer med god kjennskap til vår region. Bla deg gjennom sider med inspirasjon og sett sammen det perfekte opphold for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Kommende arrangementer