Hopp til hovedinnhold

1. Øya Kinn

Den mest kjende attraksjonen i Florø er utan tvil øya Kinn – ei grasdekt perle heilt ute i havgapet. Her finn du både den ikoniske Kinnaklova og den historiske Kinnakyrkja frå mellomalderen.

Reis til Kinn og la deg bergta av naturen, historia og stillheita. Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn – ei oppleving i seg sjølv! Finn meir informasjon om båtruten her

tre sauer som står foran kinnaklova - eit fjell
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kinnaspelet – teater ved havet

Kvart år blir Kinnaspelet arrangert – det storslåtte teaterspelet ved havet. Historia «Songen ved det store djup» skildrer hendelsene i 1537 da den danske kongens utsending kom til Kinn for å fortelle at det var slutt på den katolske kirkens tid i Norge. Med øya Kinn som kulisse, vert historia levandegjort i eit spektakulært friluftsteater.

Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av – ei magisk blanding av kultur, historie og natur som set djupe spor hos alle som opplever det.

© FjordKysten og Sunnfjord

2. Historiske Svanøy

Ei anna øy du må få med deg, er Svanøy – også kalla "Perla i Sunnfjord". Øya har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futesete, med spor frå både vikingtid og haugianarar.

Besøk Svanøy Hovedgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter, og nyt ein sykkeltur rundt øya – den beste måten å oppleve den på.

3. Kystmuseet i Florø – livet ved havet

I Florø sentrum ligg Kystmuseet, eit levande og lærerikt museum der natur og kultur møtest. Her får du historia om livet langs kysten – frå fiske og ferdsel til kvardagsliv og kystkultur. Eit besøk her passar for både store og små, og gir deg eit godt innblikk i korleis kystfolket har levd – og lever – med havet som nabo.

Oversiktsbilde av Brendøya og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Vi ser bebyggelse og Storeåsen. Foto
© Visit FjordKysten

4. Vesle Kinn

Visste du at Kinn Bryggeri kjem frå Florø – og at logoen deira faktisk er Kinnaklova ute på øya Kinn? På Vesle Kinn, testbryggeriet i hjartet av Florø, eksperimenterer bryggjarane med nye smakar, råvarer og lagring på franske eiketønner. Her blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag – og om sommaren (eller på førespurnad) kan du bli med på omvising og smaking. Ei ekte smaksoppleving av kystbyen!

5. Havhesten - badeglede året rundt

Berre ti minutt til fots frå Florø sentrum ligg Havhesten, eit moderne badeanlegg perfekt plassert ved sjøen – med panoramautsikt mot både fjord og fjell. Her kan du symje, slappe av i boblebadet eller utfordre deg sjølv i sklier og stupetårn. Havhesten passar for både små og store, og er eit flott avbrekk anten du besøker Florø ein regnfull dag eller vil ha litt aktiv avkopling mellom utfluktene.

6. Sauna og avslapping ved havet

Etter ein dag med utflukter og eventyr er det lite som slår ein roleg kveld i saunaen – med utsikt over fjord og fjell. I Florø finn du to flotte alternativ: Kinn Damp og Havstua Sauna. Begge er ope heile året, slik at du kan senke skuldrane og lade opp til nye opplevingar – sommar som vinter.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord

7. Opplev bylivet - småbyidyll ved havet

Florø sentrum er kompakt, levande og sjarmerande. Her finn du trivelege butikkar, små kaféar og den heilt spesielle atmosfæren som berre finst i ein kystby. Ta deg ein rusletur langs gjestehamna, slå deg ned på ein utekafé – og berre nyt lyden av måseskrik og sjø. Er du i shoppinghumør anbefalar vi eit besøk hos Harmonia i Strandgata.

© FjordKysten og Sunnfjord

8. Spektakulær overnatting på øya Reksta

Vil du ha ei overnatting litt utanom det vanlege? På Birdbox Reksta får du opplevingar som tek pusten frå deg – bokstaveleg talt.
Her søv du tett på naturen og dyrelivet, med utsikt rett ut mot havet frå senga di. Ei unik oppleving du seint vil gløyme.

9. Kulturvandring i Florø

For deg som vil dykke djupare i Florø si historie, er kulturvandringa eit must.
Rundturen tek omlag to timar og kan gjerast på eiga hand. Undervegs oppdagar du kunstverk, gamle båtar og bygningar – alt medan du ruslar gjennom byens vakre gater og grøne parkar.

10. Nyt god mat og drikke i Florø

Avslutt dagen med eit godt måltid i kystbyen. I sentrum finn du fleire flotte restaurantar og kaféar – alt frå lokale spesialitetar og heimelaga bakverk. Her får du ein smak av Florø – bokstaveleg talt.

Topp 10 lister i regionen

Finn fleire topp 10 lister i regionen vår!