Hopp til hovedinnhold

Utforsk Sunnhordland frå sjøen


Å kome sjøvegen til Sunnhordland er noko heilt for seg sjølv. Her glir du mellom øyar og skjer, gjennom smale sund og opne fjordarmar, før du finn roa i ei av dei mange gjestehamnene i regionen. Enten du er på jakt etter moderne fasilitetar midt i byen eller ein stille kveld i ei lun hamn med berre måkeskrik som lydspor, finst det ein stad for både deg og båten din.

Du treng likevel ikkje eigen båt for å oppleve dette. Mange av gjestehamnene ligg nær ferjekaier, hurtigbåtar og gode bussforbindelsar, så du kan enkelt ta turen frå land og kjenne på kystlivet heilt ute på bryggekanten.

Kan du besøke gjestehamner utan båt?

Ja, alle gjestehamner i Sunnhordland ligg i eller nær sentrum og er opne for alle. Du kan enkelt ta turen med bil for å oppleve hamnemiljøet, gå tur langs sjøen eller ete på kafé og restaurant ved brygga.

Her får du ei oversikt over stemningsfulle gjestehamner i regionen og kva du kan oppleve i nærområdet.

Sunnhordlandsruta
Sunnhordlandsruta |© Visit Sunnhordland

Bekkjarvik – historisk gjestehamn med smak av havet

Bekkjarvik er meir enn ei lun hamn. Det er eit møte med historia og matgleda. I denne vesle kystperla i Austevoll legg du til kai i skjerma farvatn og kjenner pulsen senke seg idet du går i land. Her ligg det tradisjonsrike Bekkjarvik Gjestgiveri, ein institusjon sidan 1600-talet og i dag ei kjend kulinarisk oppleving.

Gjestehamna byr på gode fasilitetar og kort veg til både matopplevingar og det sjarmerande kystmiljøet. Samstundes gir Bekkjarvik Experience liv til staden gjennom året, med konsertar, arrangement og aktivitetar som tek deg tett på kystkulturen.Ta ein spasertur i det vesle sentrumet, plukk med deg ferske reker og nyt kvelden om bord – eller under lysekronene på gjestgiveriet.

Tips: Bestill bord på Restaurant Ørjan & Arnt eller Mirabelle og prøv ein fiskerett basert på dagens fangst..

Luftfoto over Bekkjarvik i Austevoll, med havn, hus, grøntarealer, fjord, fjell og båter.
Bekkjarvik Gjestehamn|© Riceandpotato

Leirvik – båtliv midt i bylivet

Leirvik byr på det beste av småbyliv, rett frå brygga. Her legg du til med kort veg til alt, enten du vil ta ein kaffi, handle litt eller oppleve lokal kultur. Her er stemninga er uformell og levande, og det er lett å bli verande litt lenger enn planlagt. Med turmoglegheiter i Landåsen og rundt Ådlandsvatnet like ved, ligg alt til rette for både rolege og aktive dagar.

Tips: Ta ein kikk på Stord Kulturhus ,her finn du aktuelle konsertar, teater og kino på Leirvik.

Våge gjestehamn – ei levande hamn i hjartet av Tysnes

Våge på Tysnes er eit naturleg stopp med gjestehamn midt i sentrum, nær kafear, butikkar med sommarens arrangement i sikte. Ein kort biltur frå Våge tek deg til Haaheim Gaard og Myrdal Gard, der du kan oppleve lokal kultur, historie og mat i vakre omgjevnader.

Tips: Nyt eit måltid eller eit glas ute i sola hos Mandelhuset.

Uteservering sjømat Mandelhuset
© Camilla Korsnes

Kulleseidkanalen – Ei stille hamn med smak av lokalt liv

Midt i det grøne landskapet på Bømlo ligg Kulleseidkanalen gjestehamn – eit roleg stopp med gode fasilitetar for både båt og bubil. Her kan du nyte eit godt måltid i restauranten eller få med deg levande musikk på sommarkveldane. Like ved ligg den gamle telegrafstasjonen, eit lite glimt av historia.

Tips: Ta turen opp til den Gamle Telegrafstasjonen, eit stykke lokalhistorie rett over brua, og ta kontakt på førehand om du vil inn og sjå, eller besøk Espevær gjestehamn for ei lun hamn med gode fasilitetar og ekte kyststemning.

Bilde av kaianlegg med brygge, hus, seilbåter som ligger til kai.
© Nordtun Foto

Fitjar Gjestehamn – eit godt utgangspunkt for øylivet.

Sjøsio Gjestehamn ligg midt i øyriket nord i Sunnhordland, med bryggekai og sentrum rett ved. Her legg du til med kort veg til kafe, handel og fine spaserturar langs kulturløypa. Frå hamna er det om lag 10 minutt med båt til Kråko, der Port Steingard samlar folk til mat, bryggeliv og arrangement gjennom sommaren. Fitjar er eit perfekt utgangspunkt for å utforske øyane rundt, enten du vil padle, sykle eller berre nyte roen og utsikta mot havet.

Tips: Ta turen til Kråko for ein sommarkveld på brygga eller spis ein god middag på Fitjar Fjordhotell i sentrum.

© Visit Sunnhordlan by Henriette Lien

Rosendal – Historie, hage og hamneliv

I Rosendal kan du fortøye båten midt i postkortet. Gjestehamna ligg perfekt til ved utløpet av Hardangerfjorden. Her har du kort veg til det majestetiske Baroniet Rosendal – med roser i fullt flor om sommaren og klassiske konsertar.

Hamna har god plass til både små og store båtar, og du finn både straum, vatn, dusj og vaskemoglegheiter. Og kanskje det beste av alt: frå brygga tek det deg berre få minutt å gå til kaffebar, butikkar og ei iskrem i handa på ein benk med utsikt over fjorden.

Tips: Ta med fjellskoa – Melderskin og Malmangernuten lokkar i bakgrunnen for dei som vil ha utsikt frå høgda.

© Anita Nordeide

Sæbøvik gjestehamn – mellom fjord og historie på Halsnøy

Sæbøvik gjestehamn er ei moderne og godt tilrettelagt hamn med plass til om lag 40 gjestebåtar. Her legg du til midt i tettstaden, med kort veg til butikkar, serveringsstader og det du treng.

Frå hamna kan du enkelt utforske området vidare – leig ein sykkel eller kajakk, eller ta turen til Halsnøy kloster, eit historisk klosterområde frå 1100-talet omgitt av vakker natur.

Tips: Ta ein tur innom SPAR Sæbøvik for proviant før du går vidare.

Bli kjend med Sunnhordland

Sunnhordland ligg sør for Bergen, der fjord, fjell og eit rikt øyrike møtest i eit variert og vakkert landskap. Her kjem du tett på naturen, historia og den levande kystkulturen – frå bre og fjord til små øysamfunn og gode matopplevingar. Utforsk fleire artiklar og opplevingar frå Sunnhordland, og bli inspirert til ditt neste eventyr i regionen.