Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Stormwatching

Vinter
Sist oppdatert: 27.07.2026
to personer ser ut over havet
Stormwatching |© Visit FjordKysten
Stormwatching |© Visit FjordKysten

Rått, røft og full av kontrastar - i vinterhalvåret visar kysten seg frå sin mest mystiske og magiske side. Opplev ein rå, ufiltrert del av Norge

Reis på stormjakt!

Vinteren langs kysten av FjordKysten og Sunnfjord er ofte ei stormfull oppleving. Ynskjer du ein litt annerleis ferie anbefalar vi å ta nokre dagar fri for å oppleve naturkreftene som utspelar seg langs kysten på vinteren. Då får du verkeleg kjenne på den rå, ufiltrerte delen av Norge.

Stormsesong

Kysten av FjordKysten og Sunnfjord er det mest stormfulle området i Sør-Norge, noko som byr på spektakulære naturopplevingar! Nokon dagar er klare og solrike, men som regel er stormfullt vêr rett rundt hjørnet. November til februar er høgsesong for stormar, og vert difor også kalla stormsesongen. 

5 stormfulle opplevingar du kan gjere i vinter

1. Opplev stormane i trygge rammer

Å sjø bølgjane slå mot land frå eit utsiktspunkt i havgapet er eit fasinerande syn. I tillegg byr kysten på eit fantastisk vinterlys, noko som gir store kontrastar i opplevingane. Kaldt vêr med snø er sjeldan på desse kantar, som gjer at du kan gå mange flotte turar i denne perioden. 

Både Solund, Værlandet og Bulandet, Florø og Måløy har flotte rammer for å oppleve stormen i trygge rammer. Her kan du oppleve stormfulle dagar saman med ein guide.


Stormdestinasjonar

Ynskjer du å reise på stormwatching anbefalar vi desse destinasjonane

Solund

Solund

Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Florø

Florø

Ved kanten av storhavet ligg Norges vestlegaste by – Florø. Med spektakulære øyar og fjordar rundt deg, er dette den ultimate destinasjonen for å oppleve ekte vestlandsk kultur, uansett årstid!

2. Utforsk den ville kysten

På grunn av det milde klimaet er kysten tilgjengeleg for fotturar heile året. Gå korte turar til utsiktspunkt der du kjem tett på havet, eller finn ein sti som ligg i le for vinden. Om vinteren er lyset dramatisk og landskapet heilt annerleis enn om sommaren. Sjå våre tips til fotturar om vinteren

Tips til flotte fotturar om vinteren

Gå korte turar til utsiktspunkt der du kjem tett på havet, eller finn ein sti som ligg i le for vinden.

Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund heiter Sognesjøhytta og ligg 15 moh. Dette er ein fin tur som passar for heile familien

Vandretur til Gjørøylykta i Bulandet

Vandretur til Gjørøylykta i Bulandet

Vandretur til Gjørøylykta i Bulandet, 22 meter over havet. Ei flott oppleving medan du utforskar øysamfunna Værlandet og Bulandet.

Brandsøyåsen

Brandsøyåsen

Frå Brandsøyåsen, 293 meter over havet, vil du ha storslått utsikt over over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest. Under finn du ei oversikt over dei mest brukte turstiane til Brandsøyåsen. 

3. Frå vinterkulde til lun varme

Etter ein dag ute i frisk sjøluft fins det knapt noko betre enn å setje seg i ein varm sauna. Rundt om i regionen finn du saunaer med utsikt mot hav, fjord og fjell. Perfekt for å varme kroppen og senke skuldrane. 

Kinn Damp - Ei badstuoppleving ved kysten i Florø

Kinn Damp - Ei badstuoppleving ved kysten i Florø

Ei flytande badstove midt i Florø. Nyt varmen frå badstova og ta eit friskt dypp i fjorden – heile året!

Ei jente sitter og nyter varmen i ei badstue. ho har augene lukka, og ho ser oppover. ho har hendene på sida av seg. ho har beina i kryss, har på seg svart badedrakt og grønt handklede

Havstua Sauna

Unn deg ei unik oppleving i badstua ved sjøkanten i Florø – med sjøutsikt, saltvannsbadestamper og enkel tilgang til forfriskande sjøbad.

to personer, ein mann og ei dame sitter på kvar sin side i ein sauna. det er eit stort rundt vindauge som dei kan sjå ut. der ser du havet, og på andre sida er det mange hus, skog og åkre

Sauna i Måløy

Flyt Sauna Vågsvåg kombinerar velvære, natur og kystkultur på ein unik måte. Vakkert plassert ved eit gamalt naust på kaikanten i Vågsvåg.

4. Besøk galleri, museum og opplev kystkulturen

Når regnet trommar på ruta er det perfekt å utforske lokale galleri, museum og oppleve kystkulturen på nært hald. Vi gir deg tips til museum og galleri i regionen. 

ein person står og ser på ein utstilling med øyer, utstilling

Bulandet Temapark

I det gamle skulehuset i Bulandet finn du temaparken som gjev eit heilskapeleg bilete av livet i øysamfunnet. Her vises Bulandet i fortid og notid.

Omvisning i båthallen

Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Museum i Florø

Ved Kystmuseet i Florø ventar ein spanande kombinasjon av natur og kultur. Museet formidlar historia om livet langs kysten, med fokus på alt frå ferdsel og fiske til kvardagsliv i bygd og by.

5. Kombiner storm og ski

På berre eit par timar kan du reise frå bølgjer og havstorm til snødekte fjell i Sunnfjord. Start dagen ved havet og avslutt i skisporet eller på topptur. 

fire personer står på ski og ser ned over fjorden. Vatnet er islagt og det er snø både på vatnet og i fjellet. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Les om Sunnfjord - det nye skiparadiset

Møt eit vertskap som varmar - uansett vêr

Ei god overnatting er ein viktig del av opplevinga, og i regionen møter du eit godt vertskap der det røffe kystklimaet vårt står i sterk kontrast til dei hyggelege folka som tek deg i mot. Etter ein dag ute i frisk sjøluft kan du synke ned i ein god stol, fyre i peisen der det fins, pakke deg inn i eit mjukt teppe og nyte varm drikke medan du lyttar til vinden utanfor.

Det er kanskje nettopp denne kontrasten mellom det røffe landskapet og dei varme møta med menneska som gjer vinteren her så spesiell.

to soler står opp mot peisen som henger på veggen. ene stolen har et teppe liggende på seg
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Finn din overnattingsstad

Finn meir inspirasjon til reisa di til FjordKysten og Sunnfjord

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Vertskapet i Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn dei som driv overnattinga eller serverer maten – dei er sjølve hjartet i opplevinga. Her blir du teken imot som gjest, men reist vidare som ven.

Vi gir deg 10 tips for høstferie med barn i Norge

Vi gir deg 10 tips for høstferie med barn i Norge

Haustferie på Vestlandet gir familien ein perfekt kombinasjon av kultur og aktivitet. Her finn du tips til haustaktivitetar for heile familien.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement