Hopp til hovedinnhold

Utforsk det ville, vakre og ekte Sunnhordland – utan folkemengdene

Langs den mektige Åkrafjorden står dei bratte fjella som monument, og fossane dalar nedover fjellsidene. Den mest kjende er Langfoss, som fell frå heile 612 meter over havet og rett ned i fjorden – eit syn som er spesielt mektig om hausten. Her ligg også eitt av dei mest imponerande geologiske fenomena i regionen – jettegrytene ved Rullestad, forma av smeltande brevatn og is under siste istid. Desse er ein del av Sunnhordland UNESCO Global Geopark, som omfattar ei rekkje natur- og kulturhistoriske lokalitetar i området. På guida turar med Åkrafjorden Oppleving får du både fysisk påfyll og formidla historia som ligg i stein, foss og sti – av folk som bur her og kjenner landskapet.

Folgefonna i haustfargar – padling og bretur i unikt landskap

Vil du høgre opp – og langt tilbake i tid – kan du bli med Folgefonni Breførarlag på opplevingar knytt til bre og fjell. Mest stemningsfullt av alt er kajakkpadling på Møsevatnet, ei roleg og guida oppleving i spektakulære omgjevnader – med bre, fjell og stillheit som følgjesvenn. Når isen slepp taket på sommaren, opnar dette padlevatnet seg for gjester som vil oppleva landskapet frå ein ny vinkel. Her kjem du tett på Folgefonna, og Folgefonna Nasjonalpark.

Folgefonni tilbyr også daglege Blue Ice Hike-turar på Juklavassbreen utover hausten – for deg som ønskjer å stå på blå is og lære meir om breen og klima.

Små turar, store utsyn – opplev dagsturhyttene i Sunnhordland

Samtidig treng du ikkje gå høgt eller langt for å kjenna på det ekte. Rundt om i heile Sunnhordland finn du dei populære dagsturhyttene – tilgjengelege turmål der korte stiar fører deg til store utsyn. Gjennom haustfarga skog og stille terreng kan du ta med kaffikoppen og nyte utsikta frå lune hytter med panoramavindauge. Ei lågterskeloppleving – men med høg verdi.

Hytte i fjellandskap, solen går ned i horisonten, gult og oransje på himmelen.
© Etne kommune

Ein smak av kysten - midt i øyriket

Fitjar er inngangsporten til eit av dei mest varierte og opne øyrika langs vestlandskysten. Her ventar lune vikar, holmar med utsikt mot storhavet og kort veg frå rolege turopplevingar til kulinariske innslag. Med sitt særprega kystlandskap og rolege tempo, er Fitjar perfekt for deg som vil oppleve ekte vestlandsnatur – utan å reise langt frå fastlandet.

Engesund Visningssenter
Engesund Visningssenter|© Stein Erik Gilje

Utanfor Fitjar, i eit ope og vakkert kystlandskap, ligg Engesund Visningssenter – ein stad der du kan oppleva øyriket frå sjøsida og nyta fersk laks laga på staden. Med båttur ut mellom holmar og sund, og måltid servert med havutsikt, får du smaken av kysten i sitt rette element. Her står natur og matoppleving i sentrum, medan havbruket gir ramma og historia rundt det heile.

Kultur og historie, røter og forteljingar i rolege omgjevnader

Er du interessert i historie eller ønskjer å trekkja deg tilbake i vakre, historiske omgjevnader, byr Sunnhordland på mange spennande alternativ. Her er også flotte moglegheiter for å rusle rundt – tett på naturen som kler seg i haustfargar. Du kan også lære om naturen og livet i fjorden samtidig som du nyt den fascinerande Sunnhordlandsregionen.

Foto av kvit, gammal murbygning, Baroniet Rosendal, svart takpanner, omgjeve av fjell og hage i haustfargar
Opplev Baroniet Rosendal omgjeve av majestetiske fjell og natur i haustdrakt|© Visit Sunnhordland

Rosendal Hage, fjord og formidling

Baroniet Rosendal, Nordens minste slott, kan du utforska ei reise gjennom tidene. Her finn du den imponerande renessansehagen og nesten 300 år med hagehistorie. Rosendal Have er ope heile året, og er ein fantastisk stad å rusle - og berre nyte omgjevnadane. Omkransa av majestetiske fjell og med blikk mot fjorden er dette eit besøk som gjer inntrykk.

Foss på baksiden av Baroniet Rosendal
© Silje Nonås Langhelle

Frå Baroniet kan du òg ta deg ein tur til Hattebergfossen, via ein flott, ny tursti som slyngjer seg gjennom det vakre kulturlandskapet. Her kjem du tett på fossen, og undervegs er det fleire fine punkt for fotostopp. Den anbefalte ruta går frå Omsbru og oppover langs fossen – merk at stien her er svært bratt – før du runder Baroniet og kjem tilbake. For dei som ønskjer ein enklare tur, eller treng universell utforming, er det mogleg å parkere ved Fossberg og gå den øvste delen fram til utsiktspunktet. Hugs å vise omsyn – store delar av turen går gjennom freda natur.

Ein kort og fin tur til fots frå baroniet tar deg ned til fjorden og Folgefonnsenteret, som ligg midt i vakre Rosendal. Her er det interaktive utstillingar med vatn som tema.
Folgefonnsenteret er ope kvar dag fram til 1. oktober, og etter det ope i vekedagane.


Hardangerfjordekspressen går mellom Bergen og Rosendal – kvar dag!

Spor frå fortida - kloster, kyrkje og kystkultur


Halsnøy Kloster gir deg ro året rundt, perfekt for eit stille avbrekk der du kan vandra mellom gamle murar og kjenna på historia som sit i veggane. Halsnøy Kloster blei truleg grunnlagt i 1163 av Erling Skakke, og var eit av 5 augustinarkloster. Du kan vandre i området med ruinane etter klosteret året rundt – og få eit unikt møte med fortida i rolege omgjevnader.

Kjenn også på sjølufta – klosteret grensar nemleg mot fjorden! I kort avstand til Halsnøy Kloster ved er det ei kulturløype – ei fin vandring som fører deg både langs sjøen og inn i skogen. Halsnøy Kloster er i likhet med Sunnhordlandstunet på Stord del av Sunnhordland Museum.

På museumstunet finn du kulturhistoriske bygningar frå Sunnhordland - og du kan oppleve og lære om korleis folk levde her før i tida.


© Moster Amfi

Moster Amfi kan du oppleva starten på Noregs kristne historie – ein stad som formidlar sterke forteljingar frå vikingtida. Dette er ein stad der historia ikkje berre blir fortalt, men opplevd. Her finn du fleire utstillingar – ein av dei ligg i ein gruvetunell! "Steinriket Bømlo" "Frå heidendom til kristendom
"Frå makt til rett – kven har makt?"

Moster Amfi er ope på førespurnad – ta direkte kontakt.


Frå gard til gourmet - kort veg frå fjord til fat

Sunnhordland handlar ikkje mat berre om å bli mett. Det handlar om tilknyting. Til årstidene, til jorda, til havet og til dei som foredlar råvarene.

Smakar frå Huglo

Myrvold Gård, som ligg idyllisk til på øya Huglo i Stord kommune, lever dyra fritt og nært. Her foredlar vertskapet eigne råvarer – frå fjøset til kjøkenet – og inviterer til måltid som speglar det levande gardslivet. Alt blir laga frå botnen, servert med utsyn mot fjorden, og med smakar som fortel ei historie om staden og menneska du møter..

Smak av kysten – frå gjestgiveri til gourmet

I havgapet på Austevoll ligg Bekkjarvik Gjestgiveri, ein stad der tradisjon og gastronomi møtest. Kjøkenet arbeider tett med sesongen og det lokale råvaregrunnlaget. På Mirabelle by Ørjan Johannessen løftar den verdsmeistersigra kokken fram smakar frå kysten med moderne teknikk og utsøkt balanse – alltid med respekt for opphavet. Vil du sjølv lære, kan du delta på kokkekurs på Beckerwyc Academy- med røter og sjel, der mat vert ei historie du sjølv er med på å forme.

Tallerken med elegant dandert fiskerett
© Tom Haga

Smakfull pause i hjartet av Sunnhordland – Brasserie 59°

Stord Hotell ligg Brasserie 59°, ein lun og moderne restaurant der lokale råvarer møter fransk brasseristil. Menyen varierer med sesongen, og rettane er laga med omsorg – frå fisk og kjøt til vegetar og dessertar med finesse.

Etter ein dag ute i haustnaturen, er dette staden for å senka skuldrene og nyta eit måltid i avslappa omgjevnader – enten du vil ha ein lett lunsj, ein full middag eller berre noko godt i glaset.

Overnatting for ulike behov - ei oppleving i seg sjølv

Uansett kva slags oppleving du ønskjer i Sunnhordland, finn du eit overnattingstilbod som passar deg.

Stord Hotell gir deg eit komfortabelt og sentralt utgangspunkt, perfekt for å utforska regionen. Hotellet har også ei eiga velværeavdeling. Vikjo bad er staden der du verkeleg hente energi.

På øya Tysnes finn du historiske Haaheim Gaard. Her er du velkommen til magiske augneblikk og opplevingar som er gode å fylle "minnebanken" med!

Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites er overnattingsstaden med røter som strekkjer seg tilbake til 1600-talet. Her møtest historie og kvalitet. Restauranten serverer meny basert på dei beste - og lokale - råvarene sesongen kan by på. Boutiquehotellet Beckerwyc House inviterer til ro og velbehag i eit eksklusivt og avslappande miljø.

Unike overnattingsstader - tett på naturen

Sunnhordland byr også på fleire unike overnattingsstader. Stormhyttene på Bømlo, Himmelhyttene på Stord og fyrmesterboligen ved Ryvarden kulturfyr er unike stader å overnatte.
Her kan du vakna opp til fuglesong og utsikt mot fjorden – eller havet, og kjenna på den autentiske atmosfæren som Sunnhordland kan by på – tett på naturen og naturkreftene.

Stormhyttene
Stormhyttene|© Visit Sunnhordland v/ Henriette Lien

Opplev meir av Sunnhordland