Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart

FjordKysten og Sunnfjord

Like nord for Bergen kan du oppdage ei eineståande kystlinje i kombinasjon med eit vakkert fjordrike. Besøk dei sjarmerande øysamfunna, dei kraftfulle fossane, og utforsk den urørte naturen og dei mange historiske attraksjonane og kulturminna.

to personer står over Likholefossen, som er ein foss på Gaularfjellet. dei står på ein bru. dei held rundt kvarandre, og sola skin perfekt i sida av bilde. det er ein varm sol som skine, og det er fjell med snø på rundt.
Likholefossen ved Gaularfjellet|© Jostein Vedvik

Her, mellom breen i aust og øyriket i vest, finn du det ekte og urørde Vestlandet. Eit landskap fullt av kontrastar – der mektige fjell stig rett opp frå havet, der fjord møter hav, og der stilla, lyset og naturkreftene gjer kvart augeblink til ei oppleving.

Fjordkysten og Sunnfjord byr på noko av det vakraste Noreg har å by på – tusenvis av øyar, tronge fjordar, fossefall, brear og kulturarv som fortel historia om menneske og natur i samspel. Her finn du òg ein UNESCO Global Geopark – Fjordkysten Regional- og Geopark.

Dette er staden for deg som vil kjenne på roen, rommet og rytmen i naturen – og samstundes kome tett på landskap, kulturarv og lokalsamfunn gjennom kajakkturar, fjellturar, fiske og øyhopping. Her er det god plass og store armslag for alle.

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord digitalt og interaktivt – på din måte, i ditt tempo

Ta ein digital rundtur gjennom Fjordkysten og Sunnfjord. Her kan du sjå, utforske og la deg inspirere av landskapet, historia og dei unike opplevingane som ventar.

Reisemål i Fjordkysten og Sunnfjord

Gjennom den interaktive opplevinga over har du fått eit glimt av det som gjer Fjordkysten og Sunnfjord unikt. Her kan du utforske meir – bli kjend med dei ulike reisemåla, oppdage lokale opplevingar, aktivitetar og overnattingsstader, og finne inspirasjon til ditt eige opphald. Kvar destinasjon har sin eigen karakter og historie, og saman skapar dei eit mangfald av opplevingar du kan utforske heile året.

Jølster

Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

Askvoll

Askvoll

Askvoll er fylt av spanande naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.

Hyllestad

Hyllestad

Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert.

Førde

Førde

Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Florø

Florø

Ved kanten av storhavet ligg Norges vestlegaste by – Florø. Med spektakulære øyar og fjordar rundt deg, er dette den ultimate destinasjonen for å oppleve ekte vestlandsk kultur, uansett årstid!

Solund

Solund

Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Fjaler

Fjaler

Fjaler byr på både natur- og kulturopplevingar. Her finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander.

Måløy

Måløy

Kom tett på naturen i skiftande vêr, frå strålande sol, strandliv og blikkstille hav, til fyrovernatting med stormbølgjer som slår rundt veggane.

Kinn

Kinn

Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova.

Se alle attraksjoner i FjordKysten og Sunnfjord

Opplev førjulstida i FjordKysten og Sunnfjord

Samle vener, kollegaer eller familien til ein magisk førjulsdag i FjordKysten og Sunnfjord-regionen. Gå på julemarknader, konsertar eller berre nyt den vakre førjulstida saman.

Finn ut mer

Berekraftig reisemål

FjordKysten og Sunnfjord er godkjent for «Merket for berekraftig reisemål» – eit kvalitetsstempel som viser at destinasjonen jobbar målretta og langsiktig for ei meir berekraftig utvikling av reisemålet. Merket betyr ikkje at vi er fullt ut berekraftig som destinasjon, men at vi er forplikta til å ta vare på natur, kultur og lokalsamfunn – og til kontinuerleg forbetring. Les meir om arbeid vårt her.

Reis betre

Når du besøker FjordKysten og Sunnfjord, er du ikkje berre turist – du er ein del av historia vår. Ved å reise med omtanke bidreg du til å ta vare på naturen, kulturen og lokalsamfunna du møter. Små val gjer stor forskjell – for miljøet, for menneska og for opplevinga di.

Aktivitetar i Fjordkysten og Sunnfjord

Landskapet og naturen har blitt forma gjennom tusenvis av år og byr på store variasjonar innanfor korte avstandar. Dette gjer at vi kan by på eit stort utval av aktivitetar – både på, under og over havoverflata

Jølster Skisenter

Jølster Skisenter

Hos familievenlege Jølster Skisenter finn du skiløyper frå den heilt ferske nybegynner til den røydne som krev utfordringar.

Sauna ved sjøkanten i Vågsvåg - Sjøbris Adventure

Sauna ved sjøkanten i Vågsvåg - Sjøbris Adventure

Flyt Sauna Vågsvåg kombinerar velvære, natur og kystkultur på ein unik måte. Vakkert plassert ved eit gamalt naust på kaikanten i Vågsvåg.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde tilbyr ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur.

Se alle aktiviteter i FjordKysten og Sunnfjord

Overnatting i Fjordkysten og Sunnfjord

Fjordkysten og Sunnfjord byr på eit variert overnattingstilbod. Her kan du bu godt på moderne hotell, komfortable feriehus og hytter, historiske gardsovernattingar eller ei rorbu i sjøkanten. Eller kva med å tilbringe ei natt på eit fyr? Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.

Flatheim

Flatheim

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Bremanger Fjordhotell

Bremanger Fjordhotell

Bremanger Fjordhotel ligg Svelgen og er det ideelle utgangspunkter for dagsturar både til fjells og til havs. Hotellet er omringa av fjord, bre og ruvande fjell.

Jølvassbu Camping

Jølvassbu Camping

Jølvassbu Camping ligg i naturskjønne omgjevnader ved elva, og er eit godt utgangspunkt for å oppleve mektige Jølster.

Alle overnattingssteder i FjordKysten og Sunnfjord

Arrangement verdt å få med seg framover!

Harmonia Holiday

Harmonia Holiday

I julebutikken til Harmonia i Florø får du garantert julestemning. Julebutikken ligg i Strandgata og har eit bredt utval av det du treng til jul.

Se alle arrangementer i FjordKysten og Sunnfjord
An icon of trees

La deg inspirere

Finn inspirasjon og gode idear til din draumeferie. Vi garanterer spektakulær natur og gode opplevingar! Velkomen til små og store eventyr hos oss i Fjordkysten og Sunnfjord!

fire personer står og ser oppover fjellet der dei har stått på ski nedover

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

Båt ankommer øy

Ekspressbåt & lokale båtruter

Regionale og lokale båtruter knyt saman regionen, og er ein behageleg måte å reise på. Finn din lokal båtrute her

fjelltur til lihesten. ei jente står og smiler med hendene ute

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

to personer smiler og holder redskapene sine i veret. de smiler til kamera, og står tett sammen. bak de er det en bre

Frå hav til bre - Vestlandets skjulte perler ventar på deg

Draumen om eventyr mellom hav til bre blir verkeleg i FjordKysten og Sunnfjord. Her kan du starte dagen med salt sjøsprøyt frå bølger som slår mot øyriket i vest, vandre gjennom frodige dalar, djupne blå fjordar og utamde fossar, før du avsluttar ferien mellom stupbratte fjell og stålblanke brear. Eit sceneri som samlar ingrediensane for ekte magi.

Les flere artikler om FjordKysten og Sunnfjord

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

fjordkysten

Følg oss på sosiale media

  • Facebook

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Instagram

    FjordKysten og Sunnfjord

  • YouTube

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement